Categories
Nyhende

– Trist at det er siste gongen

Det seier Erica Ruiz Solhjem. Tredjeklassingen frå Ulsteinvik er med på sin siste musikal med jubileumsframsyninga «Life, Actually».

Det seier Erica Ruiz Solhjem. Tredjeklassingen frå Ulsteinvik er med på sin siste musikal med jubileumsframsyninga «Life, Actually».

Tekst og foto: Åge André Breivik, fagkoordinator Medium og kommunikasjon

Måndag går premieren av stabelen i Volda Campus Sparebank 1 Arena. Der markerer Volda vidaregåande skule 25-årsjubileet til Musikalen, og 20-årsjubileet til Medium og kommunikasjon.

– Eg gler meg veldig til å gjennomføre denne musikalen, seier Erica.

Ho fekk vere med på «Askeladden.dotcom» i februar 2020, like før landet stengte grunna koronapandemien. Året etter vart musikalprosjektet for fyrste gong avlyst, og elevane fekk i staden vere med på produksjonen av tre musikkvideoar.

– Samhaldet er viktig

– Det var litt keisamt at musikalen vart erstatta av musikkvideo. Det gav ikkje den same opplevinga der klassane fekk bli skikkeleg samansveisa, seier ho.

Musikalprosjektet blir kvart år avslutta med at heile produksjonen får fleire dagar saman med øving og framføring av prosjektet. Med er alle dei tre kreative linjene på Volda vidaregåande skule.

Frå starten av var det musikklinja som arrangerte. Etter nokre år kom medielinja med, med digitale kulisser, marknadsføring og dokumentasjon. Siste tilskotet til prosjektet er Kunst, Design og arkitektur, som har vore med sidan opprettinga.

– Samhaldet er det beste med prosjektet. Me får bli veldig samansveisa, seier Erica, som gler seg til framsyningane.

Gler seg til finalen

I år bidreg ho med dans og song, både i koret og i mindre grupper.

– Eg starta med musikk då eg byrja på musikklinja, fortel ho. No står ho på scenen når prosjektet feirar sine fyrste 25 år.

Lydsjekk: Laurdag ettermiddag kom musikalkoret på plass i Volda Campus Sparebank 1 Arena for å sjekke lyden. Foto: Åge André Breivik

«Life, Actually» viser oss kjenslene me møter gjennom livet, vist gjennom musikk. Måndag kveld opnar jubileumsmarkeringa med premiere, og deretter følgjer fem framsyningar fram til onsdag kveld.

– Eg gler meg spesielt til den siste framsyninga, det blir veldig spesielt, seier Erica Ruiz Solhjem, nokre dagar før sin siste Volda vidaregåande-musikal.

Billettar til framsyningane kan du kjøpe her: