Etter fem månader og tallause kaffikoppar er manuset for årets musikal endeleg klar til å setjast ut i livet. Musikkelevane sit klare og engasjerte på ei av dei mange korøvingane før musikalen.

Marte Hallingstad Barstad sit konsentrert og studerer notane. Foto: Thea Berge Baastad.
Marte Hallingstad Barstad sit konsentrert og studerer notane. Foto: Thea Berge Baastad.

Tekst: Lisa Bendal, Synne Dimmen, Thea Berge Baastad

På korøvinga er det god stemning og rommet blir fylt med både latter og song.

Det er soulmusikk frå Motown-miljøet i USA som har inspirert manusforfattar og regissør Jan Terje Eidset, då han byrja på manuset. Musikken som slo gjennom på 60- og 70-talet pregar no musikalen. Framsyninga byr på musikk av dei kjende artistane Beyoncé, The Jackson 5, Stevie Wonder, Marvin Gaye og mange fleire.

– Eg har store forventningar til årets musikal, fordi folk er dyktige og klarer å levere kvar gong, seier Jan Terje Eidset smilande.

Samstundes som musikklinja er i gong med sine øvingar, så har medielinja starta å utforme grafisk profil og gjere klar spennande innhald til årets nettside.

Ny nettside vert lansert laurdag 21. januar. Kom attende til www.musikalen.no då, og følg oss i den spennande prosessen fram mot premieren 14. februar!

Kormaestro Siv Aurdal er klar. Foto: Thea Berge Baastad.

Kormaestro Siv Aurdal er klar. Foto: Thea Berge Baastad.