Kjetil Eiksund har spelt i musikalorkesteret dei siste 20 åra. Foto: malin Nordby Kvamme.
Kjetil Eiksund har spelt i musikalorkesteret dei siste 20 åra. Foto: Malin Nordby Kvamme

Han har vore med på alle 20 musikalane sidan starten i 1996, men har endå ikkje sett ei einaste framsyning ”live”.

Tekst: Malin Nordby Kvamme

Det er fredag ettermiddag, og berre 30 minutt til siste framsyning av årets musikal. Rundt meg er det full fart, og spenninga er til å ta og føle på. Alle er klare til å gi alt, for siste gong. I garderoba er det lang kø for å gjere ein siste finish på sminka, medan vi i gangane kan kjenne ein eim av popcorn som breier seg utover rommet.

Midt i alt oppstyret møter eg Kjetil Eiksund. Han er prosjektleiar for årets musikal, og tek seg tid til ein liten prat før han skal spele for nok ein fullsett sal. For tjuande gong spelar han i musikalorkesteret, noko som er både kjekt og utfordrande.

-Eg har vore med heilt sidan den første oppsetjinga av ”West Side Story” i 1996. Då spelte eg piano og synth. Eg har hatt litt varierte oppgåver i orkesteret opp igjennom åra. Nokre gongar har eg dirigert og spelt, men dei siste åra har eg berre vore med å spelt, seier han engasjert.

Etter ei lang rekkje musikalar, har alt blitt både mykje større og meir profesjonelt. Dei første elleve åra var framsyningane på samfunnshuset i Volda, og medielinja hadde endå ikkje kome inn i biletet.

– Ein synest kvart år at det er det beste året. Vi var veldig nøgde med dei første musikalane, men når vi ser tilbake på videoklipp frå den tida, ser vi at det har vore ei merkbar utvikling. Skulle vi ha lys, så henta vi det heime, og det same med mikrofonar, vi lånte av dei som hadde. Det var veldig amatørmessig dei første åra, og ikkje noko preg av profesjonell oppsetjing. Men det var litt slik stilen var på den tida, fortel han.

Etter elleve år i Volda, flytta musikklina over til nabokommunen, og Ørsta kulturhus vart ny scene for den årvisse musikalen.

– Det var ikkje før vi kom hit til Ørsta kulturhus, at det begynte å eskalere. Då kom medielinja inn i biletet og alt blei heva til eit mykje meir profesjonelt nivå. Klassekulla var også litt mindre i starten, så totalt var det ei mykje mindre gruppe elevar bak produksjonen. Men flinke elevar har det vore heile vegen, så vi har for så vidt vore nøgde kvart år, seier han med eit smil.

Kjetil Eiksund fekk blomar etter premieren på "Goodbye Yellow Brick Road". Foto: Åge André Breivik
Kjetil Eiksund fekk blomar etter premieren på «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Åge André Breivik

Også elevane har hatt ei klar utvikling sidan starten. Nivået på prestasjonane har ikkje nødvendigvis blitt betre eller dårlegare, men det er ein ting som bekymrar han med tanke på framtida.

– Det er vanskeleg å samanlikne nivået på elevane no, og for tjue år sidan. Ein føler at elevane har vore flinke kvart år, men det einaste vi kan sjå utvikling på over tid, er at det blir færre og færre instrumentalistar. Idolbølgja herjar, og vi kan sjå at song blir stadig meir populært. I ei av klassene er det no 20 songarar og berre åtte som spelar instrument. Det er klart at produksjonen ber godt av at vi har flinke songarar, og det positive er at det blir eit stort og godt kor. Men viss denne utviklinga varar, vil vi trenge instrumentalistar på sikt, slår han fast.

Sjølv om Kjetil har vore med på dette i mange år, og sett ei merkbar utvikling på sjølve oppsetjinga og kva elevane interesserer seg for, kan det likevel vere vanskeleg å sjå kva utvikling han sjølv har hatt.

Orkseteret takka for seg etter ei fantastisk gjennomføring. Foto: Malin Nordby Kvamme.
Orkesteret takka for seg etter ei fantastisk gjennomføring. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Eg har lært mange forskjellige typar musikk, men ein føler ikkje nødvendigvis at ein utviklar seg sjølv så mykje. Det handlar meir om gleda ein har av å få vere med på produksjonane, og den gleda elevane har av å vere med. Det er jo klart at ein lærer og utviklar seg heile tida, men det fellesskapet og dei minna vi skaper saman med elevane, er mykje viktigare å tenkje på. Vi ser verdien av det, og den gleda vi får av det seinare. Men no når medielinja har kome inn med DVDen og all dokumentasjonen, kan vi slappe av litt, seier han og humrar.

Det er ei utruleg viktig oppgåve å spele i orkesteret, og noko ein verkeleg kan vere stolt av å vere med på. Å spele framfor fullsette salar gong etter gong, kan gi litt spenning. Men med gode kollegaer og eit godt samarbeid i gruppa, fungerer alt veldig bra.

-Det er veldig kjekt å spele i orkesteret. Vi er tre lærarar som fungerer ekstremt godt i lag, og kjenner kvarandre godt på alle felt, som gjer at vi har det kjekt. Det gjer at vi klarar å skape, utvikle og forme det lydbiletet som trengst, så det har aldri vore keisamt. Det er ei veldig kjekk oppgåve i heile produksjonen.

– Der er alltid ei spenning ein kjenner på kroppen. Ein kan ikkje slappe av før siste framsyning er over. Slik har eg vore kvart år, ikkje nervøs, men eg har ei spenning som gjer meg skjerpa. Det er positivt, men ein blir trøytt av det også, seier han.

Det er både fordelar og ulemper med å spele i orkesteret, men den største ulempa må nok vere å ikkje kunne sjå kva som føregår framme på scena. Sjølv etter 20 år i musikalsirkuset har ikkje Kjetil hatt moglegheita til å sjå ei einaste framsyning ”live”.

-Ulempa mi er at eg aldri har sett ein musikal. Ein klarer ikkje å la seg begeistre på same måten som resten av kollegane som sit på første rad. Dei får heile biletet, medan vi set og ser inn i notane, og ser ingenting av det som faktisk føregår på scena. Så eg har ein draum ein gong i framtida, å kanskje få andre oppgåver i kollegiet, slik at eg kan vere med å sjå framsyningane ein gong også.

-I tillegg vert ein veldig oppslukt når ein skal spele heile tida. Du slappar aldri av. Sånn sett vert ein litt psykisk trøtt av konsentrasjon, så det skal bli veldig deilig med vinterferie rett etter musikalen, legg han til.

Med så mange bra musikalar på repertoaret er det vanskeleg å velje ut ein klar favoritt, men det har vore nokre nemneverdige høgdepunkt opp igjennom åra.

-I 2004 sette vi opp ”Moulin Rouge”, og det var ein så stor suksess at då vi var ferdige med den, hugsa eg vi sa at denne må vi ta opp igjen ein gong. Så det gjorde vi i 2014. Det blei eit slags tiårs-jubileum på den musikalen. Men det har vore mange høgdepunkt, og det er fleire musikalar eg kunne tenkje meg å setje opp på nytt. Problemet no, er at vi ikkje har rettigheitene til oppsetjingane. Det har blitt mykje strengare enn for berre nokre år sidan. Så den jubileumsframsyninga vi hadde i fjor, synest eg var eit skikkeleg høgdepunkt, når det gjeld musikken. Då fekk vi ei oppsummering av alt vi har spelt opp igjennom åra, så det var veldig kjekt, seier han.

Kjetil Eiksund på scena etter siste framsyning av "Goodbye Yellow Brick Road". Foto: Åge André Breivik
Kjetil Eiksund på scena etter siste framsyning av «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Åge André Breivik

På spørsmål om det er nokon musikalar Volda vgs ikkje har sett opp, som han kunne tenkje seg å sjå i framtida, må han tenkje seg godt om før han svarar.

-På ein måte ikkje. For dei musikalane vi kan tenkje oss å setje opp, har vi ikkje rettane til. ”Miss Saigon”, er ein som eg kunne tenkje meg å sjå, den synest eg var veldig bra, med ei kjempeflott musikkhistorie. Den hadde det vore veldig kjekt å setje opp, men det har vi ikkje lov til. Det er litt derfor vi gjer det som i år, at vi skriv musikalane sjølve. Då slepp vi det styret med rettar og lovverk. No betalar vi berre for den musikken vi spelar, seier han.

Sjølv etter 20 år med musikalar, og mange framsyningar kvart år, har det meste gått smertefritt. På spørsmålet mitt om det er nokon framsyningar der noko har gått gale, får eg eit kort og kontant ”nei”.

– Eg kan rett og slett ikkje hugse noko som har gått gale, det er berre smådetaljar, men eg kan ikkje hugse noko skrekkscenario. Det einaste var faktisk istad, under framsyninga var det nokon som trakka på straumleidninga til keyboardet, som gjorde at det ikkje verka skikkeleg. Så då var det litt panikk der bak, seier han og ler.

– Litt slike tekniske problem har det vore innimellom, men ikkje noko som har gjort at publikum merkar det. Det har berre blitt litt meir stress i kulissene.

For Kjetil er det vanskeleg å seie kva han synest om årets musikal, sidan han er plassert bak i eit hjørne av scena under heile framsyninga. Men han har likevel trua på at årets musikal blir ein slager.

Foto: Malin Nordby Kvamme
Kjetil Eiksund har trua på at dette blir eit verdig tjueårs-jubileum. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Frå mitt perspektiv høyrest det veldig bra ut, det er mange gode prestasjonar og songar, som gjer at eg gled meg til å sjå DVDen. Musikken og orkesteret føler eg sit bra, så eg har ei veldig god kjensle. I tillegg har eg høyrt utelukkande positive tilbakemeldingar frå publikum som skryt det opp i skyene, og meiner det er betre enn fjoråret. Men eg kan ikkje vurdere totalen, sidan eg ikkje ser så mykje av det.

Sjølv utan å ha sett heile framsyninga, kan Kjetil likevel fastslå at dette er ei verdig jubileumsframsyning, som ikkje vil gå i gløymeboka med det første.

– Dette er absolutt eit verdig tjueårs-jubileum. Ringen er slutta. Gunnar Aurdal var førsteårselev det året vi starta musikklinja, og no 20 år seinare kjem eleven tilbake med ferdig musikal. Det er ei veldig god markering. Eg føler at heile totalen med alle løysingar vi har gjort, og saman med dei digitale kulissene til medielinja, fungerer det veldig bra. Det er det med på å sprite opp det visuelle ovanfor publikum, avsluttar han, før han hastar avgarde til årets siste framsyning av musikalen.

"Goodbye Yellow Brick Road" på Ørsta kulturhus Foto: Åge André Breivik
Under «Goodbye Yellow Brick Road» på Ørsta kulturhus sit Kjetil Eiksund saman med orkesteret. Frå plasseringa bak firkanten på venstre scenekant er det ikkje mykje dei ser av det som skjer på scena. Foto: Åge André Breivik