Kaja Rode. Foto: Malin Nordby Kvamme
Kaja Rode. Foto: Malin Nordby Kvamme

Det seier Kaja Rode, ein av andreklassingane som var med på musikalen «Goodbye Yellow Brick Road».

Tekst: Helene Dammerud

Kaja Rode og Benjamin M. M. Lindalen. Foto: Malin Nordby Kvamme.
Kaja Rode og Benjamin M. M. Lindalen. Foto: Malin Nordby Kvamme.

Kaja Rode er ein av mange andreklassingar frå musikklinja, som for andre gong får vere med på den spektakulære musikalen som blir satt opp årlig av musikk- og medielinja ved Volda Videregående skule.

– Eg var på audition for rolla som Suzie, mora til John, men den fekk eg ikkje. Det hadde vore kjekt å ha ei hovudrolle, men det er veldig mange flinke i vår klasse. Men i år har eg forelska meg i koret, seier ho. 

I fjorårets musikal, «Be Our Guest», sang ho ”The Phantom Of The Opera”. I år er Kaja med i koret og dansar til sangen ”Can you feel the love tonight” saman med Benjamin Lindalen.

– Det er noko magisk med koret i år. Når alt klaffar, og ein høyrer koret synge saman, blir det så sterkt. Vi fungerer rett og slett som ein einskap, fortel ho.

Koret er ein viktig del av musikalen "Goodbye Yellow Brick Road". Der har Bernhard mykje av sin jobb i år. (Foto: Åge André Breivik)
Koret er ein viktig del av musikalen «Goodbye Yellow Brick Road», og pryda bakveggen gjennom store delar av framsyninga. (Foto: Åge André Breivik)

 – Eg har også lært ein del av å vere med i koret. Du må heile tida passe på korleis du står. Du får veldig vondt i ryggen, fordi du står rett opp og ned veldig lenge. Da er det viktig å passe på at du har ein god haldning; skuldrane bak, hendene på sida, og slikt. Også må du halde maska.

Musikkeleven skryt av måten alt heng saman på i musikalen, og også måten lærarane har koordinert elevane gjennom prosjektet.

– Eg synest musikalen i år er dritbra! Vi er blitt skikkelig flinke, og eg er veldig stolte av alle saman, seier Kaja, som neste år får vere med på sin tredje musikal.