Denne klassa var med på sin siste musikal i år, og får skryt av kontaktlæraren for innsatsen. Foto: Martine Leine Rafteseth
Denne klassa var med på sin siste musikal i år, og får skryt av kontaktlæraren for innsatsen. Foto: Martine Leine Rafteseth

Over 100 elevar står bak musikalen «Goodbye Yellow Brick Road», som gjekk for fulle hus i Ørsta førre veke. Her ser du dei fire klassane, med ei lita helsing frå kontaktlærarane deira.

Tekst: Takknemlege lærarar

1MU: Fyrsteklassingane i musikkgjengen

– Her er 1mu ?. Førstereisegjengen som verkeleg har bidratt til å gjere dette til ei kanonframsyning. Med flotte dansenummer til solistprestasjoner, for ikkje å gløyme solide koristar. Kanonbra jobba! Gler oss til fleire prosjekt i lag med denne gjengen, seier kontaktlærar Kjetil Eiksund.

Foto: Martine Leine Rafteseth
Foto: Martine Leine Rafteseth

2MU: Klare for sin siste musikal

– Sjå på dem! For en nydelig bukett? Her oser det profesjonalitet, musikalitet, humør, varme og raushet, alt som kreves for å være en perfekt Voldamusikalklasse! Neste år…!? seier kontaktlærar Hildur Sandstad Dalen om klassa som i 2017 kjem med sin siste Volda-musikal.

Foto: Malin Nordby Kvmme
Foto: Malin Nordby Kvmme

2MK: Bak kamera, og på sceneveggen

– Medielinja jobbar hovudsakleg med å oppnå desse tre ambisjonane: Å gi ut god og spanande informasjon til lokalsamfunnet, å bidra til å gi publikum ei kjempeoppleving, og gi musikkelevane eit minne for livet. 2MK har verkeleg gjort jobben i år! Eit fantastisk team med framifrå haldning, innsats og samarbeidsevne. Det har vore ein fryd å jobbe med heile gjengen, seier kontaktlærar Håvard Krøvel-Velle.

2MK
Foto: Åge André Breivik (ikkje til stades på biletet: Chris Skjærvik og Maria Reite)

3MU: «Moulin Rouge», «Be Our Guest» & «Goodbye Yellow Brick Road»

– Det er alltid ei blanding av forventningspress og vemod å være avgangsklasse og setje opp musikal for siste gong. 3MU levde verkeleg opp til presset med å skulle vere «seniorar», med bærande ansvar på mange felt i musikalen. Rolleinnehavarar, solistar, dansarar, bandmusikarar og koristar – alle leverte på høgt plan, og dei går ut av musikaleventyret til 20 i stil! Eg er superstolt av dykk, seier kontaktlærar Yngvil Birkeland.

Foto: Martine Leine Rafteseth.
Foto: Martine Leine Rafteseth.
Foto: Martine Leine Rafteseth.
Foto: Martine Leine Rafteseth.