Volda vgs med Elton John-musikal

Musikalen «Be Our Guest» vart avslutta spektakulært i 2015. No går elevane i gong med «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Eline Korsnes Sundal
Musikalen «Be Our Guest» vart avslutta spektakulært i 2015. No går elevane i gong med «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Eline Korsnes Sundal

Om under ein månad opnar sceneteppet for Musikalen 2016. Bak teppet står over 100 elevar klare. I løpet av tre dagar får nesten 2.000 tilskodarar med seg musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» på Ørsta kulturhus.

Øvingane er allereie godt i gong med det som vert Volda vidaregåande skule sin tjuande musikal. Både musikk- og medieelevar er med på produksjonen som i år tek sikte på å fylle kulturhuset i Ørsta fire gonger. I tillegg er to framsyningar sette av for at ungdomsskuleelevar i distriktet skal få med seg musikalen.

– Dette er eit høgdepunkt for alle elevane som får vere med på det, seier Jan Terje Eidset. Han er avdelingsleiar for elevane og lærarane som er med på produksjonen, og også produsent for det heile.

Der fjorårets musikal tok turen gjennom alle dei tidlegare musikalane, er «Goodbye Yellow Brick Road» bygd på musikken til Elton John og tekstane til Bernie Taupin. Me er i England, der me vert kjende med John. Han siktar mot stjernestatus med bandet sitt. Historia hans blir fletta saman med musikarfaren si store sorg og den russiske dansarinna Nikita som prøver lukka i London etter ein foreldrelaus barndom i Russland.

– Kjærleik, dramatikk og uventa vendingar supplerer den fantastiske musikken, saman med dei visuelle effektane, seier produsent Eidset.

«Goodbye Yellow Brick Road» har premiere onsdag 17. februar. Deretter kjem to framsyningar torsdag, før det heile blir avslutta fredag 19. februar. Billettar får du kjøpt på Ørsta kulturhus sine nettsider.

– Musikken er det nok mange som kjenner til, men historia er ny, spesialskriven av musikklærar Gunnar Aurdal, regissert av Bente-Elin Johnsen, og spelt av nesten hundre lokale elevar, avsluttar Eidset.

For alle Elton John-tilhengarar vil dette vere ei strålande opplading til artisten sjølv kjem til Ålesund i juni!

P.S. Nettside og Facebook-side for årets musikal vert lansert komande veke.

Tekst: Åge André Breivik

Foto: Eline Korsnes Sundal