Myggane som solistar og skodespelarar brukte under musikalen låg nummererte bak scena. Foto:
Myggane som solistar og skodespelarar brukte under musikalen låg nummererte bak scena. Foto: Stephanie Dimmen

Når 96 lydkanalar skal styrast gjennom ein musikal er det viktig at logistikken fungerer. Nummererte mikrofonar klar bak scena gjer at skodespelarane finn det dei treng.

Fyrsteklassing Jeki Villanueva og andreklassing Eirik Trovåg Bjørneset har brukt heilt forskjellige typar mikrofonar gjennom musikalen.

Eirik har brukt mygg under årets musikal og er svært fornøgd med det.

Eirik Trovåg Bjørneset imponerer i sine solonummer i "Be Our Guest". Foto: Åge André Breivik
Eirik Trovåg Bjørneset brukte trådlaus mygg på sine solonummer, sidan koreografien ikkje tillet at han held mikrofonen i handa. Foto: Åge André Breivik

– Eg likar best mygg fordi då har eg frie hender. Men myggen er veldig stram og vond å ha på. Ein må stille veldig nøyaktig på den slik at det blir bra lyd, forklarer Eirik.

I sine solonummer på «Thriller» og «Come Together» må han bruke mygg fordi dansinga ikkje tillet han å halde ein mikrofon.

I musikalen var det heile 96 lydkanalar som var i bruk. 30 av desse var trådlause myggar og tre var trådlause handhaldne mikrofonar. 40 av mikrofonane er kormikrofonar og resten av mikrofonane vart brukt til bandet.

Jeki Villanueva brukte vanleg handheldt kormikrofon og er nøgd med det.

Kormikrofonane låg klare på eit stativ bak scena. Foto:
Kormikrofonane låg klare på eit stativ bak scena. Foto: Stephanie Dimmen

– Det kling veldig fint med vanleg mikrofon. Ein fordel er at eg også slepp å stresse med at myggen skal sitte. Og eg synast rett og slett det høyrest best ut med vanleg mikrofon, seier ho.

Under fyrste akt delte Jeki mikrofon med nokon andre, medan ho i andre akt hadde mikrofonen heilt for seg sjølv. Ho brukte også trådlaus mikrofon på det siste nummeret «Fame».

Både Eirik og Jeki hadde ein fast mikrofon under begge aktene, som gjorde at lydmannen kunne justere deira stemme individuelt frå dei andre når dei syng.

Tekst: Amalie Haugland Bjørkedal