– Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut!

_DSC8037
Torsdag 26. februar fekk musikklinja storfint besøk av ordførar i Volda, Arild Iversen. Han kom på ordre frå formannskapet for å takke for ein fin musikal, og å overrekke ei gåve.

Hendinga starta med at musikklinja framførte «Somebody to love» med solist Anna Elise Klungre _DSC8007Sørdal. Det var ei god stemning i romet.

Arild Iversen er imponert over både framføringa og marknadsføringa for årets musikal.

– Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut, seier han. Han fortset med å seie at ei slik førestilling gjev heile skulen eit godt rykte.

Som takk fekk musikklinja eit gåvekort på 5000 kroner og ein blomebukett, medan rektor fekk ein krystallvase.

 

Tekst: Julie Sævik, Maren Solem, Dorthe Johanne Hovden
Foto: Eline Korsnes Sundal