VINNAREN AV FAME 2012

Med 32% av stemmene er Sarah vinnaren av «Fame 2012»! – Vinnaren har ei fantastisk sangstemme, ei fantastisk utstråling og sjarmerte publikum i senk, seier hovuddommar Harvey Shorofsky.

Sarah

Ei heil befolkning blei sjarmert av talentfulle Sarah med songen «Out here on my own». Sarah takkar til dommarane, familien, resten av deltakarane og sjølvsagt fansen. – Eg hadde aldri kome så langt utan den trufaste fansen min. De er heilt fantastiske alle saman, fortel ein overvelda Sarah.

I følgje Sarah kjem ho til å bruke suksessen i «Fame» til å utvikle talentet sitt og dra på turné. Ho vil også ta med seg Ralph slik at dei skal få ein del kvalitetstid saman. – Eg er så stolt over Sarah. Ho er magnifico! Skryter kjærasten Ralph.

Dommarane og resten av deltakarane, bortsett frå Lisa, har gratulert Sarah. Positive kommentarar og gratulasjonar strøymer inn frå fansen på Facebook, Twitter, e-post og fansider. Men Lisa er opprørt: – Eg synes ikkje ho har noko talent. Dette var rett å slett ufortent. Folk burde setje meir pris på klassisk ballett og ikkje stemme på ein keisam pop-diva. Eg har lagt mykje meir arbeid i framføringa mi enn ho nokon gong kjem til å gjere, klagar ein sint Lisa.

Sarah sender helsingar til sjåarane

Sarah sender ei takknemleg helsing til alle som har stemt på henne gjennom tida i «Fame». – Tusen takk for at de gjer livet mitt heilt fantastisk! Det er ubeskrivelig, smiler ho, tydeleg stolt.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *