Fame-Anne: Eg gir meg ikkje

Klikk på biletet for å sjå deltakaren i heilfigur.

– Eg har meldt meg på Fame endå ein gong fordi eg har ein stor draum om å bli artist. Eg har fått mine 15 minutt med Fame tidlegare, men eg vil ha meir, gliser ho.

I 2007 og 2008 hamna Anne ho blant dei 50 beste, i år vil ho nå toppen.

– Eg trur eg kan ha betre sjanse til å vinne i år. Eg har bestemt meg for å gi meir av meg sjølv, ettersom eg tidlegare var yngre og litt meir usikker. Eg er eigentleg ikkje av den sjenerte typen, men det var nokon av mine første opplevingar med kamera i andletet, og då heldt eg litt igjen.

Fame er ikkje det einaste jarnet Aasen har i elden for tida. Ho arbeider som songlærar og litt som kordirigent.

– Kva trur du er nøkkelen til ein god audition? – Det er viktig å velje ein song ein er glad i og likar godt. Då har ein eit godt utgangspunkt til kva ein vil formidle. Det er også bra å vere seg sjølv, uansett kven ein er. Kanskje er det akkurat deg dommarane leitar etter!

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *