Kulissekollasj

Føremålet med dei digitale kulissene er å definere tid og stad, bidra med å fortelje historia, og auke showfaktoren. Her kan du sjå bilete og video av alle dei digitale kulissene for årets musikal, og prosessen bak.

Tekst: Håvard Krøvel-Velle
Foto/video: Håvard Krøvel-Velle og Åge André Breivik

Det ligg mykje arbeid bak dei digitale kulissene. Elevar med valfag Grafisk design har vore med på prosessen frå veke 3. Spesielt i år er at me har utforska moglegheitene med kunstig intelligens, i Adobe Photoshop og Adobe Firefly.

Ei av dei største utfordringane har vore å skape realistiske bilete av éi og same scene, i ulike tider på døgeret og ved ulike årstider.

Klikk på bileta for større versjon og bilettekst.

På kulturhuset nyttar me kinoprojektoren for å få dei digitale kulissene så lyse og skarpe som mogleg. Det er nemleg ein delikat balansegang å få synleggjort kulissene godt samstundes som lyssetjinga skal ha full effekt. Lysmann Magnus Braute har gjort ein eminent jobb i så måte.

Klikk på bileta for større versjon og bilettekst.

Til å styre dei digitale kulissene brukar me eit program som heiter MadMapper. Her ligg alle bilete, animasjonar, videoar og visuelle effekter lagvis og i rekkefølgje, sortert i vår eigen interne sceneinndeling. Så nyttar me ein MIDI-kontroller med glidebrytarar, vridarar og knappar, til å fade inn og ut bakgrunnar for dei ulike scenene. For å halde styr på alt og oversikt over når me skal kome inn og ut med dei ulike delane, så har me rigide og fargekoda skjema og notatar. I tillegg styrer me miljølydar og lydeffekter (skot og eksplosjonar under krigsscenene triggar me til dømes live via MIDI-kontrolleren og lydfiler på ein datamaskin nr. 2).

Klikk på bileta for større versjon og bilettekst.

Elevane som styrer dei digitale kulissene i år er Theo Gravdal og Vilde Emilie Strand Djupvik frå 3MK1. Dei har fordelt jobben med å ta kvar si akt, og dei har hatt full kontroll!

Biletgalleri av alle scenene

Klikk på bileta for å sjå større versjon.

Video av alle scenene


Følg oss på sosiale medium!