Nyhende

– Vi må bygge saman klossane

No er det åtte dagar igjen til musikalen går av stabelen, og regissørane Jan Terje Eidset og Marit Lid Skorstad jobbar med samansetjinga av heile musikalen. 

TEKST: Mona Våge

Framsidebilete: Regissørane Marit Lid Skorstad og Jan Terje Eidset prøver å setje saman byggeklossane før musikalpremieren! Foto: Mona Våge.

– No blir det å bygge saman alle byggeklossane, seier Marit. Ho er ny i musikalen men har funne seg til rette.

– Eg storkosar meg, masse dyktige folk og det er kjempekjekt å arbeide i ein så kreativ prosess. 

– Eg er ny i musikalprosessen og kan seie at det er knallkjekt, seier Marit Lid Skorstad. Laurdag var det første gjennomkøyring av Musikalen og regissørane tek styringa!

– Vi er eigentleg i rute, det er mykje som skal gjerast på kort tid, men vi har kome gjennom ein god del, den krevjande delen er å setje det saman, seier Jan Terje Eidset.

Laurdag var det øvingsdag og den første gjennomkøyringa av Musikalen 2020 vart gjennomført. 

– Vi gjekk gjennom og såg kvar dei største manglane er slik at vi får ei god heilheit til slutt, seier Jan Terje.

Følg oss på Instagram og Facebook for å få med deg siste oppdateringar om Musikalen 2020. Billettar finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider.