Om musikalen

Volda vidaregåande skule presenterer musikalen «The Cream of Soul». Musikalen er skriven og regissert av Jan Terje Eidset og er inspirert av store hitar frå Motown-miljøet i USA på 60- og 70-talet og filmen «Dreamgirls» med bl.a. Beyonce. Av kjende artistar frå Motown-miljøet kan vi til dømes nemne The Supremes, The Jackson 5, Stevie Wonder, Marvin Gaye og mange fleire.

Kvart år set musikk- og medielinja ved Volda vidaregåande skule opp musikal som ein del av undervisninga, og dette har etter kvart blitt eit stort tverrfagleg prosjekt som skulen er svært stolte av å vise fram for regionen vår. Over 100 elevar og lærarar som er involverte i prosjektet gler seg no storveges til å vise fram sine mange talent.

I år er handlinga lagt til ein storby i moglegheitenes land, USA. Og det er nettopp håp og draumar om ei stjernekarriere som ligg til grunn for jentene vi blir kjende med undervegs i forteljinga. Håpet er å vinne verdens største direktesendte talentshow. Men der er mange skjær i sjøen, og både kjærleik, sjalusi, grådigheit og rus er ingrediensar i dette store søket om å nå toppen.

Framsyningar:

Tysdag 14.2, kl. 19.30 på Ørsta kulturhus (kjøp billett)

Onsdag 15.2, kl. 17.30 på Ørsta kulturhus (kjøp billett)

Onsdag 15.2, kl. 20.30 på Ørsta kulturhus (kjøp billett)

Fredag 17.2, kl. 18.00 på Fosnavåg konserthus (kjøp billett)

Billettsal:

Billettar kan kjøpast på orsta.kulturhus.no og fosnavagkonserthus.no.

PRIS: 290 / 180

Bilete frå musikalen 2016, Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Malin Nordby Kvamme.