I årets musikal skal Helle Rotevatn, Synne Bjørneseth og Selma Lerkerød Flo vere med som dansarar. Dette er første gong nokon utanfor musikklinja får opptre, noko dei tre jentene synes er både spennande og gøy. Tekst: Synne Dimmen Videoreportasje: Line Bendiksen Strand og Synne Dimmen
Author Archives: havard.krovel-velle@mrfylke.no
”Live on Tape”
Det er tysdag, og fleirkameragruppa har møte på rom 6 på nedre bygg. Dei skal no i gang med å planlegge Musikal-TV, eit program som skal informere om alt som gjeld musikalen, og samtidig gi eit innblikk bak kulissene. Tekst: Line Bendiksen Strand Gruppa er i godt gong med idemyldringa når vi kjem inn i rommet. Saman …
Musikalen som styrker fellesskapet
– Både media og musikk blir meir knytt saman etter musikalen, seier Karen Mathea. Tekst: Thea Berge Baastad og Lisa Bendal Vi sit ute i gangen. Rundt oss flyt samtalane lett mellom musikkelevane. Det er fritime, og då er gangen ofte fylt med elevar. Karen Mathea Ulvund Solstad sit saman med oss. Ho smiler medan …
Dansetrioen øvar i festsalen
Dansetrioen Helle Rotevatn, Selma Lerkerød og Synne Bjørneseth er godt i gang med øving til dansen dei skal danse saman med Kaja Rode for musikalen 2017. Tekst og foto: Ruben Ulfstein og Patrick Våge Lindseth
Fullt fokus! Tell opp!
Det er onsdag og det er full action på grønskjermstudioet på Høgskulen i Volda, der elevar frå medie- og musikklinja er i gang med innspeling av musikkvideo til årets musikal. Tekst: Synne Dimmen Etter ein lang prosess med mykje tankearbeid og godt samarbeid med musikkelevane og manusforfattar Jan Terje Eidset, er Anna Lee Grimstad og …
Klare for soulkoring
Musikkelevane nærmar seg klare for «The Cream of Soul». Timevis av øving blir eit viktig bidrag i musikalpuslespelet. Foto: Ruben Ulfstein
Videoreportasje – Renata Vynikalova
Tekst: Line Bendiksen Strand Videoreportasje: Synne Dimmen og Line Bendiksen Strand Renata Nagy Vynikalova er dama bak dansane i årets musikal, og vi har intervjua ho litt om prosessen bak koreografien hennar og samtidig vise litt ”behind the scenes” på ei danseøving med 1MU.
Karakteren sin entré
“Han veit korleis rolla hans er, men det er sjølvsagt viktig at vi også veit det”, seier Silje Birkhol. Ho veit kva som må til for å få skodespelarane sine karakterar i live gjennom eit bilete. Tekst: Josefine Karen Fredriksen Det er mørkt i rommet, alt utstyr er stilt opp og blitsen går i gang. …
Ei lita brikke i eit stort spel
Han byrjar å varme opp stemma forsiktig, heilt til han treff tonane meir og meir, i samspel med melodien frå pianoet. Tekst: Lisa Bendal, Thea Berge Baastad og Josefine Fredriksen – Hugsar du songteksten? seier songlæraren med ei spørjande stemme. Ein forsiktig latter kjem frå Johannes, for det hugsar han ikkje. Då legg læraren fingrane sine …
Stemningsfull øving
Elevane som skal spele i årets orkester er på plass i musikkbingen på Volda vidaregåande skule. Her samlast dei for å gå gjennom melodiane som skal bli framførte på musikalen, The Cream Of Soul, i februar. Tekst: Silje Birkhol Dei møtast inne i musikkbingen kvar onsdag og torsdag for å sikre seg at kvar ein tone …