Musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» gjekk av stabelen på Onsdag med premiere kl. 19.30. Timane før musikalen var nervepirrande og spennande. Gjennom dagen blei musikkelevane fulgt for å sjå kva det var som skjedde timane før premieren.
Tekst: Stine Løseth.
08.30 – Det er 11 timar igjen til premerien av musikalen “Goodbye Yellow Brick Road”. Koret er tidlig ute med oppvarming til den store dagen. Musikkelevane og medieelevane kjenner at dei gler seg stort til generalprøva om få timar, for då skal dei vise det dei har laga til sitt første, store publikum.

10.30 – Det er 45 minutt igjen til generalprøva. Alle spring rundt for å kle seg om og få på seg sminke. Jentene spring rundt med krølltanger, sminkevesker og kle for å rekke å bli ferdige før teppet går opp. Gutane derimot er litt meir på den avslappa sida, men må òg gjere seg klare. Alle er ihvertfall svært hjelpsame mot kvarandre for at alle skal bli ferdige.



11.15 – Generalprøva står for tur! Spente elevar frå både Ulstein og Herøy Ungdomsskule har komen ein lang veg for å få med seg musikalen 2016. Backstage står spente musikkelevar og tek heiaropet sitt før dei alle er klare for å stige opp på scena.

12.45 – Førestillinga er ferdig. Elevane er gira på at dei har klart å fullføre ein full musikal framfor eit publikum, og kjenner at dei gler seg mykje til premieren som byrjar kokka 19.30. Nokre av musikkelevane følte at generalprøva gjekk litt for bra, noko som gjer dei nervøse for kvelden. Ei setning som ofte går igjen er «Er det ei god generalprøve, blir det ei dårleg premiere». Dei måtte òg etter generalprøva øve på korleis dei skulle gå fram og bukke – for dette hadde dei ikkje fått orden på.


Frå 15.00 til 17.00 er det pause. Då får elevane slappe ekstra av, ta seg ein matbit og berre lade opp til den verkelege premieren som er klokka 19.30. Etter lange dagar med mykje øving og finpussing, kjenner mange av elevane at ei litt lengre pause denne dagen verkeleg er godt.
18.15 – Igjen var sminkinga i full gang. Sjølv om mange hadde på seg sminke frå før så måtte ein legge sminke, fikse håret på nytt og ta på seg kostyma.

19.30 – Endeleg er premieren her! Salen fyller seg sakte, men sikkert opp – og folk strømmar på for å sjå tidenes musikal. Backstage står elevane klare for å gå inn på scena for 2. gong i dag, men denne gongen er det meir alvorleg og viktigare å prestere godt.



21.00 – Premieren er overstått. På scena står Trond Hjelseth, Jørgen Amdam og Wenche Solheim i tur for å dele ut gode ord med glede for dei som har vore med å laga årets musikal.

SJÅ OGSÅ: Premiere «Goodbye Yellow Brick Road»