Rektor Trond Hjelset er sjølv stor fan Elton John sin musikk. Foto: Malin Nordby Kvamme
Rektor Trond Hjelset er sjølv stor fan Elton John sin musikk. Foto: Malin Nordby Kvamme

Rektor Trond Hjelset var måndag og tysdag å sjå i salen på Ørsta kulturhus. Han gler seg svært til framsyninga, og tenkjer det i år som tidlegare blir ei kjenslemessig og fantastisk oppleving. 

Tekst: Martine Leine Rafteseth

Musikk og song vert framført med innleving. Dans og skodespel med entusiasme og sjel. Salen er mørk framføre den opplyste scenen. Det er no gjennomkjøring av stykket. I ein stol attmed trappa sitt rektor ved Volda vidaregåande, Trond Hjelset, i ro og harmoni. Stemninga, saman med den gode opplevinga er til å få frysningar av.

– No såg eg siste songane av stykket, og det var som forventa – aldeles nydeleg. Der er ikkje anna å seie. Eg gler meg kolossalt til å sjå når alt er ferdig.

Trond seier at Elton John, som årets musikal er basert på, dessutan er ein av hans favorittartistar.

– Eg skal på Color Line stadion og sjå Elton John no i sommar. Dette gir forhåpningar til ei skikkelig ”feel good” oppleving, for musikken er jo utrulig fin. 

Han har gjennom førebuingstida følgt godt med på smakebitane, og meiner medie-gjengen stadig vert flinkare til å byggje forventningar og spenning. Dette har hos han skapt eit endå større ynskje om å sjå musikalen.

-Og så veit eg at kvaliteten er i musikklinja, det er der ingen tvil i!

Trond er invitert til musikal på premieredagen, og har sjølv kjøpt billett til fredag. Han var på så mykje som tre musikalar i haust, og såg Fagerlia sin i Ålesund no laurdag; så noko mangel på musikalframsyningar er der iallfall ikkje i den garden.

– Musikalen i Ålesund var ganske dyster og trist. Det var ”Spring Awakening” – eit tungt og alvorlig stykke. Eg gler meg til ein kjenslemessig opptur.

Turen i dag tok han for å herde seg litt. Det å unngå at tårene fell under framsyninga, og ikkje minst under talen etterpå blir nemleg ei utfordring.

– Eg er som regel så rørt av det eg har sett, seier han med eit stort smil om munnen.

Han har stor tru på at årets musikal gir eit verdig 20 årsjubileum.