Synleggjer «Be Our Guest»

7. februar er det premiere på jubileumsførestilliga ”Be Our Guest”, som vert laga i høve 20 års-jubileet til Musikk-, dans- og dramalinja ved Volda Vidaregåande skule. Medan musikkelevar tek publikum med storm, jobbar elevar på medielinja på spreng for å dokumentere, fotografere og marknadsføre musikalen. Saman er vi dynamitt!

Dei siste åra har medieelevane bidrege sterkt for at dette skal verte noko som ikkje skal gå i gløymeboka. Det vert mellom anna laga ein DVD med opptak frå førestillingane, og denne er med på å gje musikkelevane eit minne for livet.

Astrid Landsverk arbeider med teikningar til introfilmen
Astrid Landsverk arbeider med teikningar til introfilmen

Medieelevane bidreg også under sjølve framsyningane med videoar, animasjonar, digitale kulissar og visuelle effekter. Dette er med på å styrkje både innhald og ”showfaktor”!

Jonas Holmen har ansvar for det tekniske ved nettsida til musikalen
Jonas Holmen har ansvar for det tekniske ved nettsida til musikalen

Her kan du sjå korleis medielinja har arbeidd dei siste åra.

www.musikalen.no/2014
www.musikalen.no/2013

Alt som vert produsert av nyttig informasjon, er å finne på Facebook-sida og nettsida vår: musikalen.no. For morosame oppdateringar kan ein fylgje ”musikalen2015” på Instagram og Twitter.

Tekst: Maren Solem, Dorthe J.Hovden og Julie Sævik, Foto: Eline Korsnes Sundal

Stemningsrapport 1: Musikalen 2015 er i gang!

Produksjon av musikalen 2015 er godt i gang: kor-, band- og dramaøvingar er i full sving. Ivar Hustadnes Muren og Elias Odden Slettevoll går i 3MU og har hovudrollene i årets musikal. Det er store forvetingar til dei, og Ivar og Elias er klare til å levere. Reporter Hallvard Hunnes spør dei om deira håp og forvetningar til årets musikal.

Produsert av: Asbjørn B. Jensen, Mathias V. Remmereit, Emil R. Bjørneset og Hallvard F. Hunnes