Å syngje i koret er kjekt, men krevjande

– Å syngje i kor er kjekt, men utruleg krevjande, seier Live Nilsvik og Tor-Stian Bjørneset frå 2MU. Koret i år har fleire utfordringar enn kva dei har hatt tidlegare år, det er mykje inn og ut av scena og mykje kostymeskift. 

Jubileumsmusikalen har hausta mange lovord frå publikum. Noko av det som blir trekt fram er at vi får sjå meir av koret i år. Tidlegare har dei vore meir stilleståande, medan vi i år får sjå dansande korsongarar med fleire kostymeskift. Det har vore mykje jobb å øve inn alle dei ulike songane som er med  jubileumsshowet.

-Songen som eg likar best å synge er Lady Marmalade, fortel Live Nilsvik. Den mest utfordrande songen er «Which Witch», som er ein operasong. I tillegg til å vere med i koret har Live også ein solosnutt under songen «Miss Saigon.»

live nilsvik
Live Nilsvik likar godt å jobbe med musikal.

 

Tor-Stian Bjørneset seier at det er mykje meir å gjere i koret i år ein kva det var i fjor.
-Det er veldig mykje inn og ut av scena. Det som er så spesielt i år er at vi har koregrafi i koret, seier Tor-Stian. Dei mange kostymeskifta er òg utfordrande. I overgangen frå hippie i «Hair» til stivpynta i «Grammatikk og kjærleik» har han omtrent eit halvt minutt på å skifte.

tor stian
Tor-Stian Bjørneset gler seg til å ha framsyningar i Fosnavåg.

 

– Det går akkurat kvar gong, så det funkar, fortel han.

Å reise rundt på turné synast dei er veldig kjekt. Dei har vore i  Ørsta og Ulsteinvik. Imorgon er det framsyningar i Fosnavåg som står for tur.
– Sjølvsagt er det litt mykje styr å reise rundt på turné, det er veldig mykje ein må ha med seg fram og tilbake, seier Live.
Tor-Stian fortel at han er med i riggegjengen, så for han er det ekstra travelt. Han må reise å tidlig om morgenen å rigge og kjem ikkje heim før seint på kvelden.

Tekst: Tonje Sjølseth og Amalie Haugland Bjørkedal

Foto: Anette Vågane Sunnarvik

Nøgde skuleelevar i Ulsteinvik

– Kva tykkjer du om musikalen?

– Kva var det du likte med den? Eventuelt kva meiner du kunne blitt gjort annleis?

– Var det nokon av innslaga du likte spesielt godt?

– Vil du at musikalen skal komme til Ulsteinvik neste år også?

 

10934180_1075549015804932_1921554346_nLaila Mulak

– Eg synast den var kjempebra og fengjande! Det er veldig kjekt å sjå at lokale skular klarer å lage så bra show. Føler meg litt stolt.

– Likte godt at dei levde seg inn i rolla, du såg at dei likte det dei gjorde. Tykkjer igrunnen alt var bra.

– Eg likte innslaga, men kanskje spesielt slutten.

– Ja, eg vil veldig gjerne at Volda VGS skal ta med seg musikalen til Ulsteinvik neste år også.

 

 

 

 

10970205_943371472351562_690951613_oVilde Fjørtoft

– Musikalen var veldig underhaldande.

– Noko eg kanskje tykkjer kunne vore gjort annleis var at til tider så var det mykje som skjedde og litt mange folk på scena samtidig.

– Eg likte spesielt godt Phantom of the Opera.

– Ja, det hadde vore gøy om musikalen kom tilbake hit.

 

 

 

 

10968891_943371275684915_314494160_oIngunn Holm Roppen

– Fantastisk bra, veldig imponert av at elevane klarer å halde trøkket i to timar.

– Eg tykkjer alt var veldig bra. Sjølve musikalen var fantastisk. Pausa midt i musikalen var kanskje litt lang, eg la merke til at mange av elevane blei urolige då.

– Eg er ein stor fan av Les Miserables, så eg likte spesielt godt den delen.

– Eg tykkjer absolutt at musikalen skal komme tilbake.

 

 

 

 

Tekst: Mats Bjørdal og Markus Halse

Foto: Julie Almestad Sævik

Spente elevgjestar før skuleframsyning i Ulsteinvik

– Kva forventingar har du til musikalen?

– Kva veit du om musikalen?

– Kva tenkjer du om at Volda VGS har tatt med seg musikalen til Ulsteinvik?

 

_DSC6760 Sigrid Pedersen

– Eg håper musikalen er morosam og tilpassa til vår aldersgruppe.

– Eg veit ikkje noko særlig om musikalen.

– Det at Volda tek med seg musikalen hit til Ulsteinvik gjer at vi får oppleve noko nytt og noko som ikkje er her frå lokalmiljøet.

 

 

 

 

 

_DSC6756Asbjørn Vattøy

– Eg har veldig store forhåpningar fordi det er musikklinja som har laga den og dei er jo kjempeflinke.

– Eg veit at denne musikalen er satte saman av alle dei beste musikalane som musikklinja har hatt over dei siste tjue åra.

– Eg synst det er kjempebra at de har tatt med musikalen hit, for då får vi innsikt i korleis det er å gå på musikklinja og kva dei gjer der. I tillegg gler eg meg veldig til å sjå den.

 

 

 

 

_DSC6758Silje Eltvik

– Eg har store forventingar til musikalen.

– Nei, eg veit ikkje noko om musikalen, så det blir spennande å sjå den.

– Eg synst det er bra at vi får sjå musikalen fordi då slepp vi å vere på skulen.

 

 

 

 

 

 

_DSC6757Hans Olav Sundal

– Eg har ganske store forventingar til musikalen.

– Det einaste eg veit om musikalen er navnet, så eg er spent.

– Det er bra at ikkje kun dei som bur i Volda og Ørsta får sjå musikalen, men at vi i Vik også får sjansen.

 

 

 

 

 

Tekst: Mats Bjørdal og Markus Halse

Foto: Eline Korsnes Sundal

– Dette er eit heilt unikt prosjekt

- De har vore eit fantastisk publikum, sa avdelingsleiar og produsent Jan Terje Eidset etter premieren på Ørsta kulturhus laurdag.
– De har vore eit fantastisk publikum, sa avdelingsleiar og produsent Jan Terje Eidset etter premieren på Ørsta kulturhus laurdag.

Vi er truleg den einaste skulen som får til ein musikal med eit slikt omfang kvart år, seier avdelingsleiar Jan Terje Eidset.

Han kan fortelje oss at for å setje opp ein musikal som dette trengst det motiverte lærarar, elevar, ekstra innsats, dugnadsånd og sponsorar. Dette er heilheita som gjer at vi klarer å setje det opp kvart år.

– Sannsynlegvis er vi den einaste skulen i landet som gjer det i dette omfanget som vi gjer. Vi gjer dette kvart år, og har eit godt samarbeid mellom musikk og medielinja. Dette er eit heilt unikt prosjekt. Vi ligg på eit semiprofesjonelt nivå som eg likar veldig godt, og det skal vi fortsette å gjere. seier Eidset.

Musikklinja har aldri vore i tvil om å setje opp ein musikal. Det som har vore spørsmålet er om dei skal
overgå fjorårets musikal, eller om dei skal halde det på same nivå.
– Det som motiverar lærarane er at vi kan gjere noko nytt, større og betre for kvart år. Vi har høge ambisjonar, seier han.

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

Å setje opp ein musikal som dette er svært tidkrevjande. Lærarar og elevar ofrar både dagar og ettermiddagar for å kome i mål. Prosjektet er enormt krevjande, så det er bra det ligg tett inntil vinterferien slik at elevar og lærarar får hente seg inn igjen.

Eg er veldig imponert og stolt over det vi ved Volda Vidaregåande skule klarer å få til. Musikalen hadde heller ikkje vore det same uten samarbeidet med medielinja, avsluttar Eidset.


Tekst: 
Maren Solem, Julie Sævik, Amalie Haugland Bjørkedal.
Foto: Eline Korsnes Sundal, Åge Andre Breivik

Fantastisk omtale i Møre-Nytt

– Rekk opp handa, alle de som kan stable på beina noko liknande som musikklina ved Volda VG skule har gjort i tjue år!

Slik innleier Arne Ola Grimstad omtalen av årets musikal, og held fram:

«Be our guest!» Ver vår gjest! I tjue år har musikklina ved Volda VG skule uttrykt dette. Ver vår gjest-, frå den noko famlande start med teknisk utstyr lånt heimanfrå, til i dag, då elevane, lærarane, både på musikklina, men også på medielina, har stabla opp eit så proft opplegg at ein skal reise lenger enn til «bya» for å finne noko betre. Med raffinerte digitale kulisser, med eit spektakulært lysshow, og med aktørar som gjer nesten det umoglege mogleg, inviterer dei i år: Be our guest!

Les heile omtalen nedanfor, og  – om du ikkje har skaffa deg billett til Sjøborg kulturhus (tysdag 10. februar) eller Fosnavåg konserthus (12. februar) – der er framleis billettar att!

Av Håvard Krøvel-Velle.

Backstage i Ulsteinvik

Måndag flytta heile musikalflokken inn på Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik. Det er spanande å gjere seg kjende med nye lokale!

 

Tekst: Maren Solem, Julie Sævik

Foto: Anette Vågane Sunnarvik

Biletgalleri: Premieren i Ørsta

Sjå glimt frå Musikalen her

Har du framleis ikkje skaffa deg billett til musikalen «Be Our Guest»? Det er ikkje for seint. Her kan du sjå nokre glimt frå premieren på laurdag.

 

«Be Our Guest» tek oss med på tur gjennom musikalhistoria, mellom anna «West Side Story» og «Phantom of the Opera» som du kan sjå klipp frå her.

Musikalen er no på turné til Ulsteinvik og Fosnavåg. Billetter finn du på nettsidene til Sjøborg kulturhus og Fosnavåg konserthus.