Dei «målar» kulissene på veggane

Medielærar Håvard Krøvel-Velle (med caps og skjegg i midten av biletet) og Jonas Holmen (til høgre for han) styrte kulissene på den siste framsyninga av "Be Our Guest". Foto: Åge André Breivik
Medielærar Håvard Krøvel-Velle (med caps og skjegg i midten av biletet) og Jonas Holmen (til høgre for han) styrte kulissene på den siste framsyninga av «Be Our Guest». Foto: Åge André Breivik

På bakarste benk sit det fire karar og skrur på knappar. Timinga må vere nøyaktig, for med eit tastetrykk kan dei flytte oss frå Moulin Rouge til Bangkok.

Det er musikalveke ved Volda Vidaregåande skule. Det er musikk- og medialinja som samarbeider om å lage musikalen. Ein av jobbane som media har, er å styre FX, digitale kulisser. Det vil seie å lage bakgrunnar til scena ved hjelp av visuelle effekter, bilete og videoar. Den jobben er det Sigurd Vikene, Jonas Holmen og Sondre Skogen som har saman med medielærar Håvard Krøvel-Velle. I tillegg har Kristina Tryggeseth, Yvonne Morales Solvang, Astrid Landsverk, Helga Hagen og Ingrid Nordli bidratt med teikningar og animasjonar, og Jan Mariusz Golabek med filmsekvensar.

– Å styre FX kan enten vere veldig lett, eller veldig krevjande, seier medielærar Håvard Krøvel-Velle.

Håvard Krøvel-Velle testar lys og lyd.
Håvard Krøvel-Velle testar lys og lyd.

– For at det skal fungere må ein ha tunga beint i munnen. Det er masse som kan gå gale om ein ikkje konsentrerer seg. Det kan vere både tekniske problem og menneskelege faktorar som spelar inn, fortel han.

Gruppa har støtt på nokre problem undervegs. På premièredagen i Ørsta blei det nokre hektiske minutt der dei så vidt rakk å gjere klart bakgrunnane til fyrste akt før teppet gjekk opp og showet starta. Resten av bakgrunnane måtte dei lage ferdig i den 15 minutt lange pausen. Det var heilt krise, men det gjekk.

– Vi som skal jobbe med FX må kjenne manuset like godt som dei som er på scena. Vi må vite nøyaktig når vi skal bruke det biletet eller den videoen. Vi avtalar og går gjennom alt saman med regissør, produsent og ikkje minst lyd- og lysmann, seier Håvard.

Slik blir det endringar frå gjennomgang til gjennomgang, frå premiere til neste framsyning, heilt til siste sceneteppe går opp.

Foto: Eline Korsnes Sundal
Bakgrunnen på songen «Which Witch» er laga av FX-gruppa, og inkluderer slottet midt på, og tre som flyttar på seg på sidene. Foto: Eline Korsnes Sundal

– FX er ein veldig fin og kreativ jobb. Vi byrja å bruke kinolerret til film, animasjon og visuelle effekter på «The World of Oz» i 2008, der vi skulle simulere eit dataspel. På «Killer Queen» i 2009 laga vi ein musikkvideo og hadde visuelle effekter under «The Show Must Go On». Så det var først på «Moonwalker» i 2010 vi starta så smått med nokre bakgrunnar som skulle fungere som kulisser, og no har det utvikla seg til det vi har i dag med massevis av effektar og lys og dynamiske bilete, på mest alle innslag (i år var det berre eitt nummer vi hadde «pause» på). Manusforfattar tenkjer ikkje avgrensingar, så om dei vil at ei gruve skal rase saman, då må vi få ei gruve til å rase saman. Så det er ein krevjande jobb, men ein utrulig gøy og kreativ ein, seier han.

Håvard har sjølv vore med på elleve av dei 19 musikalane musikklinja har har hatt. Den fyrste var oppsettinga av «Moulin Rouge» i 2004. I starten var han ansvarleg for nettside, det grafiske og dokfilmen om musikalen, men seinare har det handla mykje om ting som skjer på lerretet bak skodespelarane.

– Det er veldig kjekt med musikal. Dette er noko av det største som skjer i året, ikkje berre som lærar, men også som privatperson. Det er eit fantastisk prosjekt og eg er glad for å vere ein del av det, seier Krøvel-Velle.

Tekst: Markus Halse og Mats Bjørdal

Biletgalleri: Etter siste framsyning

Kjenslene tok overhand for elevane og lærarane etter at sceneteppet gjekk att for siste gong. Spesielt trist vart det for tredjeklassingane, som har vore med på sin siste musikal.

Foto: Eline Korsnes Sundal, Stephanie Dimmen
Tekst: Eline Korsnes Sundal

– Dette har eg lyst å drive med vidare

Framfor fire fulle hus har ho opptredd i «Which Witch», «One Day More» og åleine på scena i «Du måste finnas». Sjå glimt av Julie Sofie Reite sin siste kveld i musikalen «Be Our Guest».

Video: Jan Mariusz Golabek, Asbjørn Bakkebø Jensen og Magnus Grønningsæter Hauso

Julie Sofie Reite med songen "Du måste finnas" frå musikalen "Kristina Från Duvemåla". Foto: Eline Korsnes Sundal
Julie Sofie Reite med songen «Du måste finnas» frå musikalen «Kristina Från Duvemåla». Foto: Eline Korsnes Sundal

– Den traff meg i hjarte

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr var godt nøgd med det han fekk sjå torsdag kveld. Foto: Åge André Breivik
Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr var godt nøgd med det han fekk sjå torsdag kveld. Foto: Åge André Breivik

Volda-elevane innfridde forventningane nok ein gong, denne gongen ytterst i havgapet.

Det var fullsett sal og stormande jubel i Fosnavåg konserthus torsdag. Der var ei forventningsfull stemning i salen då musikkelevane entra scena for siste gong på turnéen. Høgdepunkta kom som perler på ei snor, og elevane innfridde forventningane gjennom heile kvelden.

- Dette traff iallfall meg i hjartet, sa Herøy-ordføraren etter å ha sett "Be Our Guest".
– Dette traff iallfall meg i hjartet, sa Herøy-ordføraren etter å ha sett «Be Our Guest».

På slutten av førestillinga fekk elevane ståande applaus frå publikum, og der var ei ekstatisk stemning i salen. Ordførar Arnulf Goksøyr siterte programleiar Ivar Hustadnes Muren på at du veit det er ein god musikalen når du føler den treff deg i hjarte.

– Dette traff iallfall meg i hjarte, og eg reknar med at det traff alle i salen også, sa ordføraren.

Han takka og overrekte blomar til prosjektansvarleg på musikklinja, Kjetil Eiksund.

Sceneteppet vart lukka, og mange av musikkelevane tok til tårene fordi turnéen har kome til vegs ende. Dette viser at dei er både glade og slitne etter mange veker med øving.

Prosjektleiar for musikklina, og musikalveteran, Kjetil Eiksund, fekk blomar frå Herøy-ordføraren. Foto: Åge André Breivik
Prosjektleiar for musikklina, og musikalveteran, Kjetil Eiksund, fekk blomar frå Herøy-ordføraren. Foto: Åge André Breivik

Ole-Martin Iversen, elev i 2mu, spelte Tony i Westside Story i jubileumsførestillinga.

Han syns det er trist at ”musikalen” er over for i år, men syns det har vore nokre kjekke veker. Favorittnummeret hans i år var ”One day more” frå Les Misérables.

– Det er vemodig, men eg veit eg får vere med i musikalen igjen neste år. No er eg veldig sliten!

Fleire bilete og videoar frå avsluttingskvelden kjem seinare, så følg med oss. Lik gjerne Facebook-sida vår, som kjem til å bli oppdatert med stoff også i dagane framover.

"Be Our Guest" fekk ståande applaus frå eit fullsett Fosnavåg konserthus. Foto: Åge André Breivik
«Be Our Guest» fekk ståande applaus frå eit fullsett Fosnavåg konserthus. Foto: Åge André Breivik

Tekst: Julie Sævik

– Alt var eigentleg veldig bra!

Siste skuleframsyninga er over er, og ungdomsskuleelevane i Herøy syns førestillinga var bra!

 

_DSC0069

 

 

     Oda Warholm
     – Den var bra! Mange var flinke å synge.

 

 

 

 

 

 

 

_DSC0068

 

 

     Gine Remøy Paulsen
     – Alt var eigentleg veldig bra!

 

 

 

 

 

 

 

_DSC0067

 

Kristian Remøy Bakke og Andreas Leine

– Vi syns den var bra! Det var spennande og mykje forskjellig som skjedde på scena.

 

 

 

 

_DSC0065

 

 

     Alexandra Voldsund Fylling
     – Den var veldig bra laga til!

 

 

 

 

 

Tekst: Julie Sævik  Foto: Stephanie Dimmen

– Det er eineståande og fabelaktig!

I dag tok turnèbussen turen vidare til siste turnèstopp, Fosnavåg. Berre ti minutt etter dei gjekk av bussen stod musikkelevane klare for å vise delar av jubileumsførestillinga til alle rektorane i heile Møre og Romsdal.

Sverre Hollen, sjefen over alle rektorane i fylket, var også tilstades.
– Det er eineståande og fabelaktig! Ikkje minst at de har eit så godt samarbeid med Medium og kommunikasjon, uttalar han etter førestillinga.

sverre hollen1
Utdanningssjef Sverre Hollen lot seg imponere av elevane frå Volda vgs

 

Sjølv om musikkelevane kom til ein heilt ny stad og eit heilt nytt lokale, leverte dei likevel varene på scena.
– Travelt! Eg gløymde å knyte den eine skoen, beltet var feil veg og tre av knappane på kappa var opne, seier musikkelev Jon Andre Rebbestad.

Rektorane var fornøygde med førestillinga, og det var god jubel i salen.
– De bør vere stolte av å få til å setje opp ei slik førestilling kvart einaste år, det klarer ingen av dei andre skulane, avsluttar Hollen.

 

Tekst: Julie Sævik, Maren Solem  Foto: Anette Vågane Sunnarvik

Rundtur på Fosnavåg konserthus

Vi har ankomt nye Fosnavåg konserthus, og utforskar området.

 

Inne i salen er det digert. Heile nitten radar med tjuesju sitjeplassar på kvar rad. Desse skal bli fylte i morgon då musikkelevane har sine siste førestillingar på turnèen, ytterst ute i havgapet. Det er LED-lys i trappene, og radnummera er opplyste.

Fosnavåg konserthus

 

Backstage er stort og lyst. Gangane er breie og veggane er heilt kvite. Ein kan gå tre personar i breidda, noko som er stor forskjell frå backstage-gangane som var ved Sjøborg i Ulsteinvik.

Fosnavåg konserthus - Backstage

 

I jentegarderobene er det store speil med runde lys rundt, og veggane er kvite også her. På eit klestativ heng alle kostyma, medan på golvet ligg det baggar, sko og sminkevesker.

Fosnavåg konserthus - Garderobe

 

I gutegarderoba er det mørke veggar og detaljane er raude. Der er kjøleskap, kjøkkenkrok og gode sofagrupper.
– Borda er til og med mjuke, seier Benjamin Mpanza, medan han slepp telefonen ned for å vise oss.
Ole-Martin Iversen beskriv rommet som eit skikkeleg guterom. Gutane i garderoba er einige i at det einaste som manglar er ein prosjektor og to store høgtalarar, samt at ein kunne ha bytta ut biletet på veggen med dameplakatar. Ellers er dei fornøygde!
– Biletet på veggen er litt feminimt, men ellers er alt bra. Kjøleskapet er raudt og har fine linjer.

Fosnavåg konserthus - Backstage

Fosnavåg konserthus - garderobe

 

 

 

 

 

 

Tekst: Julie Sævik, Maren Solem  Foto: Åge Andre Breivik

Biletgalleri: Framsyning i Ulsteinvik

Foto: Eline Korsnes Sundal, Anette Vågane Sunnarvik, Stephanie Dimmen