Orkesteret øver
Orkesteret øver

– Øvingane til premiera den 7. februar går bra, trass alle dei nye songane som skal øvast inn, seier trombonist og musikkelev Marlen Knotten (17).

Det er berre to veker til elevane forlet den vesle «bingen», for å bergta ein sal av spente tilskodarar i Ørsta kulturhus. Sjølv om det er kort tid til premiere er Marlen positiv til å ha alt klart til den tid.

– Eg spelar trombone i årets musikal. Vi har øvingar nesten kvar dag, og i tillegg blir det ein del helgeøvingar for å få alt på plass, fortel Marlen.

Det er trongt i den vesle «bingen» ved Volda vgs der orkesteret har trykt seg inn og er i full gang med øvingane til årets musikal. Dagens økt er snart ferdig og stemninga er på topp. Det er mange nye songar som skal lærast og notar som skal puggast før premieren går av stabelen den 7. februar.

– Det er første gongen eg spelar i orkesteret, så eg kjenner litt ekstra på presset om å gjere det bra, seier Marlen.

Marlen (17)
Marlen (17)

Men sjølv om det er press til å prestere, så har ikkje orkesteret byrja å stresse. Inne i bingen er atmosfæren rolig og avslappa.

Optimistisk

Dette året er det 20-årsjubileum for musikklinja. Difor skal det vere smakebitar frå alle musikalane som har vore så langt. Dette synest Marlen er ei lita utfordring grunna alle dei ulike songane og sjangrane som skal haldast styr på og puggast. Lærar Stein Henrik Vartdal fortel at det er utfordrande å arbeide med såpass mange ulike stilartar på ein gong.

– Kvar stil har ulike lydbilete med sine musikalske og lydmessige kodar som må knekkast og tilpassast. Stort orkester og fleire blåseinstrument gjer at vi må bruke ein del tid på å få orkesteret til å klinge samspelt og «tight». Men orkesteret er superflinke så dette blir bra! seier Vartdal.

Sjølv om det er mykje arbeid som gjenstår, er Marlen optimistisk.

– Miljøet i orkesteret er veldig bra og vi jobba godt ilag. Eg trur vi vil få eit bra resultat til slutt, avsluttar Marlen med eit spent smil om munnen.

Tekst: Dorthe Johanne Hovden, foto: Eline Korsnes Sundal