– Sjølv om det er mykje arbeid, er det verdt det, seier musikkelev Karen Mathea Ulvund Solstad.

I år er musikklinja ved Volda Vidaregåande skule 20 år, og det skal feirast med jubileumsførestillinga ”Be Our Guest”.

Nokre av musikkelevane er i full gong med danseøvingane
Nokre av musikkelevane er i full gong med danseøvingane

Musikklinja feirar sitt tjuande år her ved Volda Vidaregåande skule. Årets musikal, ”Be Our Guest”, er ei førestilling som representerer utdrag frå alle dei tidlegare musikalane. Til dømes vert litt av ”Moulin Rouge”, ”Mamma Mia” og ”The Phantom of the Opera” å finne att.

Vi er i festsalen på øvrebygget ved Volda Vidaregåande skule, der danseøvingane allereie er godt i gong. Ute dalar snøen ned, medan inne er det ei varm og god stemning. Lyden av dansetrinn mot golvet kan høyrast til Abba-songen ”Gimme Gimme Gimme!”, samtidig som læraren instruerer. Det verkar som elevane er klare på rollene sine, og at dei har nervane under kontroll.

karen-mathea

Karen Mathea Ulvund Solstad, elev i 1MU, er ein av dansarane i årets musikal. Ho kan fortelje at det er mykje øving både i vekedagar og helgar, og at miljøet på musikklinja er veldig bra.

– Sjølv om det er mykje arbeid, er det verdt det. Eg trur og håpar at både vi sjølve og publikum vert nøgde med resultatet, uttalar ho med ei livleg stemme.

Premieren på ”Be Our Guest” er på Ørsta kulturhus 7. februar 2015. Det vert også førestillingar i Ulsteinvik og Fosnavåg.

Tekst: Julie Almestad Sævik, Foto: Anette Vågane Sunnarvik, Eline Korsnes Sundal