Lydmannen Sverre i full konsentrasjon.
Lydmannen Sverre i full konsentrasjon.


Han er musikalsk, blid og roleg. Dette er lydmannen Sverre Valderhaug!

Sverre Valderhaug kjem frå Ålesund og er lydmann i årets musikal.
– Eg har alltid likt å styre med lyd, seier han.
Han starta å jobbe som lydmann for om lag 15 år sidan, og har halde på med dette sidan.

Sverre har etterkvart blitt eit fast medlem i musikalstaben, og har vore innleigd til dette arbeidet i mange år.
– Dette er ein stor hobby, som har blitt som ein jobb for meg. Når det er så bra som dette her, vert det ekstra kjekt.
Dette er noko han likar, og synest er kjekt å jobbe med.

2

Når ein skal vere lydmann, må ein halde tunga beint i munnen. I denne musikalen er det heile 94 kanalar; 30 trådlause bøylar, 40 kormikrofonar og resten går i band. Sverre lurer sjølv på korleis han klarer å halde styr på alt.
– Dette er eit system som treng mykje erfaring. Ein lydmann bør vere musikalsk, blid og rolig, fortel han.

Lydmannen er no svært oppteken med å ta lydprøver og justere.
– Vi skal nok verte klare til premiera som skal vere laurdag 7.februar, avsluttar han.

Tekst: Maren Solem og Julie Sævik Foto: Eline Korsnes Sundal

Ett svar til “– Eg har alltid likt å styre med lyd”

Det er stengt for kommentarer.