- De har vore eit fantastisk publikum, sa avdelingsleiar og produsent Jan Terje Eidset etter premieren på Ørsta kulturhus laurdag.
– De har vore eit fantastisk publikum, sa avdelingsleiar og produsent Jan Terje Eidset etter premieren på Ørsta kulturhus laurdag.

Vi er truleg den einaste skulen som får til ein musikal med eit slikt omfang kvart år, seier avdelingsleiar Jan Terje Eidset.

Han kan fortelje oss at for å setje opp ein musikal som dette trengst det motiverte lærarar, elevar, ekstra innsats, dugnadsånd og sponsorar. Dette er heilheita som gjer at vi klarer å setje det opp kvart år.

– Sannsynlegvis er vi den einaste skulen i landet som gjer det i dette omfanget som vi gjer. Vi gjer dette kvart år, og har eit godt samarbeid mellom musikk og medielinja. Dette er eit heilt unikt prosjekt. Vi ligg på eit semiprofesjonelt nivå som eg likar veldig godt, og det skal vi fortsette å gjere. seier Eidset.

Musikklinja har aldri vore i tvil om å setje opp ein musikal. Det som har vore spørsmålet er om dei skal
overgå fjorårets musikal, eller om dei skal halde det på same nivå.
– Det som motiverar lærarane er at vi kan gjere noko nytt, større og betre for kvart år. Vi har høge ambisjonar, seier han.

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

Å setje opp ein musikal som dette er svært tidkrevjande. Lærarar og elevar ofrar både dagar og ettermiddagar for å kome i mål. Prosjektet er enormt krevjande, så det er bra det ligg tett inntil vinterferien slik at elevar og lærarar får hente seg inn igjen.

Eg er veldig imponert og stolt over det vi ved Volda Vidaregåande skule klarer å få til. Musikalen hadde heller ikkje vore det same uten samarbeidet med medielinja, avsluttar Eidset.


Tekst: 
Maren Solem, Julie Sævik, Amalie Haugland Bjørkedal.
Foto: Eline Korsnes Sundal, Åge Andre Breivik