Klar for Paris anno 1900

Tekst: Evy Karoline Vatne og Ingrid Romestrand Aarseth. Foto: Guro Lindvik Velsvik.

Scena på Ørsta kulturhus er i horisonten når musikalen 2014 no nærmar seg med stormskritt. Jon Olav Sandal spelte ei av hovudrollene i fjorårets musikal, og vil følgje opp suksessen i år.

Musikk, dans og drama & medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule gler seg til å presentere årets musikal, Moulin Rouge. Handlinga er lagt til år 1900 i Paris, og miljøet rundt den berømte nattklubben. Elevane er utruleg spente, og Jon Olav kjenner at presset er stort.

– Det er trass alt ein del som kjem for å sjå, og i tillegg har jo musikalen eit ganske så godt omdømme. Eg må verkeleg prestere det beste eg kan, og berre det skapar jo ein del press, seier han.

Dette er det nittande året med musikal. 18 år gamle Jon Olav spelte «den yngre George» i fjor, og skal spele «den yngre Christian» i år.

– Den største skilnaden i høve fjorårets musikal er at eg i år har ein del meir å synge. Eg skal også vere med i begge aktene, i fjor var eg med berre i den eine. I år er eg også eit år eldre, så då føler eg litt meir ansvar, fortel han.

Jon Olav minnest at det var veldig gøy å være med i musikalen i fjor, og veit at det kjem til å bli like gøy i år.

– Det var mykje øving, noko som kunne bli ganske så festleg til tider, men det var også slitsamt. Bente-Elin som er regissør behandlar oss på ein god måte. Ein gjekk rett og slett sjeldan frå ei øving i dårleg humør, kan 18-åringen fortelje.

Han er ein av dei over 100 elevane som arbeider med musikalen. Jon Olav fortel at dei var på kulturhuset under heile musikalveka i fjor og tilbrakte difor mykje tid saman, åt middag saman og hadde det kjempekjekt.

Om han er meir nervøs i år enn i fjor? – Eg føler meg eigentleg meir erfaren og klar til å ta oppgåva, avsluttar han.

Orkestergrava sin joker

Tekst: Hanne Elisabeth Lia og Lisa-Beth Haugen Rise. Foto: Amalie Botn Heltne.


- Det er viktigare å spele rett enn å hugse replikkane, seier Emil Lewe. I februar har han ei viktig rolle i orkestergrava når teppet går opp for musikalen Moulin Rouge.

Musikalen 2014 nærmar seg og førebuingane er allereie godt i gang. Blant dei over 100 elevane som er involvert i prosjektet er Emil Lewe, som gjerne skulle stått på scena, men som i staden fekk ei sentral rolle i orkestergrava.

Emil Lewe

* Emil Lewe er klar for å blåse liv i musikalen. Foto: Amalie Botn Heltne.

Det var heile tida snakk om at Emil skulle spele trompet i orkesteret, men det var ikkje heilt sikkert. Då han fekk ei rolle på scena slo han tanken på det litt frå seg, men så vart det avgjort at dei ville ha «ekte blås».

– Å ha ei rolle verkar veldig kjekt, men å spele i orkesteret blir nok også veldig kult, så eg er glad og fornøgd, seier han. Årets musikal handlar om nattklubben Moulin Rouge i Paris, og i år er det ti år sidan sist den vart sett opp.

Emil fortel at det ikkje gjer så mykje at rolla han eigentleg skulle ha gjekk til ein annan – ei sentral rolle i orkesteret veg opp for det, i tillegg til at presset på å vere med i orkesteret er veldig stort og at det er mindre rom for improvisasjon.

– Det har litt meir å seie om eg gløymer ei frase på trompeten, enn om eg skulle gløymt ein replikk medan eg stod på scena, seier Emil.

Orkesterøving

* Orkesteret er i gang med å øve inn dei kring 20 låtane til årets musikal frå Volda vgs. Frå venstre: Erlend Årøen, Bendik Mork Folkestad og Ronja Voldsund. Foto: Amalie Botn Heltne.

Øving kvar dag
Framover kjem orkesteret til å øve 1-2 gongar i veka, men sidan musikalveka nærmar seg med stormskritt blir det nok oftare etterkvart. Vidare fortel Emil at det til saman blir om lag 20 songar, men at det er blås på berre 10-12 av dei.

– Den viktigaste øvinga skjer heime, så eg må nok øve kvar dag for å få det til å bli mest mogleg. Eg tykkjer det er bra med variasjon i repertoaret. Det vert alt frå can-can til opera og ballader, og det er gøy. Vi skal også spele litt storbandmusikk, og det er jo veldig positivt for oss i blåserekka, avsluttar han.

Fotoshoot på Liadal

På ettermiddagen onsdag 22. januar drog musikk- og medialinja ut til Liadal for fotografering av hovudrollene. Fotostudio til Ma Ortiz blei fyllt med heile 5 lærarar, 6 medieelevar og 10 musikkelevar.

P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen.

Ein etter ein kjem musikkelevane inn iført kostymer tildelt rollene deira. Kostymeansvarleg Yngvil Birkeland har leita fram alt frå slitne vestar og korte bukser til vakre kjolar med paljettar. Medan den eine får instruksar framfor kamera om korleis ein skal posere, er dei andre spreidd omkring i studio. Nokon sminkar andre, andre blir sminka, nokre tek bilete og resten pratar med regissør Bente-Elin Johnsen. Etterkvart som fleire skal bli tatt bilete av kjem fotografane Guro Osborg Kvammen, Amalie Botn Heltne, Guro Lindvik Velsvik og Nina Hangeland vekselvis fram og småpirkar med sminka deira. – For blått, for brunt, meir augeskugge … Slik held dei på ei stund, heilt til ein høyrer: – Perfekt!

Når musikkelevane er plassert framfor kamera, spør dei tvers over rommet: – Korleis er karakteren min no igjen? Kan eg stå slik? Korleis får vi fram det? Bente-Elin sukkar med eit smil om munnen og forklarar. Fleire bilete blir tatt. – Neste!

Olav Standal Tangen spradar rundt med kamera i samband med videoreportasjen som skal lagast. Ma stiller på lys og held ei isoporplate som vert brukt som reflektor, Guro står på ein liten krakk og tek bilete, Bente-Elin og makker Jan Terje Eidset kjem med innspel og instruksar til dei framfor kamera. Etterkvart slår nokon på musikk, ”I Hope You Don’t Mind” kjem på, og rommet blir fyllt med endå meir Moulin Rouge enn før.

Amalie Botn Heltne

– No held vi på å ta portrettbilete av alle rollekarakterane, eller – alle som har replikkar. No er vi ferdig med gutane, det var dei som tok lengst tid. Sminke tok også lenger tid enn forventa, og no er vi endeleg ferdige. No skal vi byrje med fotoshoot av ”girlsa”, så no må vi forandre heile lyssetjinga! Woohoo!

Ho blir brått stansa mitt i setninga då medielærar Håvard Krøvel-Velle kjem inn med noko i hendene.

– Oj! Sjå, vi har røykmaskin!

Amalie røyser seg og går bort for å sjå nærmare.

Elias Odden Slettevoll

– I dag har vi kanskje ein av dei viktigaste dagane for programheftet sin del. Vi går inn i rolla vår slik at vi får uttrykt korleis karakterane våre er i musikalen. Dette gir publikum ein smakebit på korleis stykket vil bli.

Satin sin fjørboa stryk elegant over dataskjermen min idet ho passerar oss.

Personleg vil eg seie at Eirik Trovåg Bjørneset, altså Toulouse, er den personen eg beundrar mest i denne musikalen. Han er den rollefiguren som binder saman alle karakterane. Han er også den som kanskje startar heile dette dramaet, hehe. Og kostymet i seg sjølv fortel kven denne mannen er. Han er ein smaklaus elefant.

Eirik ler.

– Han kallar seg sjølv ein apekatt, det passar bra.

Eirik Trovåg Bjørneset

– Eg spelar då Henri Marie Raymond Toulouse-Lautrec-Montfa. Han er ein ekte kunstnar, ganske orginal, han prøver å vere noko utanom det vanlege. Ein ganske crazy fyr som drikk seg full på fritida. Han drikk absinth, 86%. Det vanskelegaste med å ha hovudrolle er at det blir litt for useriøst av og til, ein dett ut, men elles går det fint. Tulouse er ganske lik meg sjølv eigentleg, anna enn at eg ikkje drikk meg full på absinth.

Jan Terje Eidset

– Bileta frå fotoshooten er jo då hovudsakleg tiltenkt programheftet som vert delt ut til publikum. Det er viktig å fokusere på rollekarakterane til rollene, så det ikkje berre blir skulefotografering. Vi skal fange karakterane, ikkje dei som speler dei, det er jo ganske krevjande i seg sjølv, både for fotograf og dei som har rollene. Det kan vere ein ganske tidkrevjande prosess å faktisk få det til.

– Tykkjer du dei gjer ein bra jobb så langt?
– Ja.

Videoreportasje

Alle skodespelarar med replikkar i årets musikal vart fotografert med fullt kostyme i fotograf MA Ortiz sitt studio på Liadal. Laga av Magnar Aunmo og Olav Standal Tangen. Musikk: «Flying High» av Jon Olav Sandal. Lydteknikar: Anders Boska.

Sakte, men sikkert

Vi har fire veker på å få laga dei beste digitale kulissene vi kan for å gi dykk som publikum den beste opplevinga de kan få. Vi har planar om å lage ein film som skal ta dykk med til Moulin Rouge, der det skal verte eit forrykande show med lys og fargar som, vi i alle fall håper, vil hjelpe til med å la musikalen bli ei minneverdig oppleving.

Det er vanskelegare enn ein skulle tru. Vi har allereie brukt ei veke på planlegging av intro og digitale kulisser til sjølve handlinga i musikalen, og vi har enda til gode å kome skikkeleg i gang. Men vi skal klare å få alt klart til premieredagen, om det så blir det siste vi gjer!

Eg vil ikkje seie for mykje konkret om kva det er vi har planlagt, litt fordi vi framleis er litt i planleggingsfasen, men også fordi eg tenkjer at det skal vere ei lita overrasking. Men eg kan kanskje gje dykk eit hint? Hmm … UTKLIPP. Det er mitt lille subtile hint de kan få gruble på. Kanskje det kjem fleire hint fram mot musikalpremieren?

Dei neste vekene framover trur eg det ikkje blir mykje dødtid, men heller ein del stress, men på ein god måte. Det blir artig å kunne sjå effektane sakte men sikkert ta form og få ei meining, og vi på fleirkameragruppa skal om ikkje lenge byrje å planlegge korleis vi bør filme musikalframsyninga for å få best mogleg resultat. Eigentleg så har musikalprosjektet berre så vidt byrja.

Karakterbygging

– Eg er ganske nervøs for å ha ei så stor rolle, seier Sigrid Terøy Finnes. Ho spelar rolla som Satine i årets oppsetting av Moulin Rouge.

P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen.

– Eg har kun hatt solosongar på musikalane før, så det blir veldig stor forskjell, seier ho. Elevane er tidleg i prosessen og i veke 3 vart det jobba med karakterbygging av alle dei store rollene. Dette er for at dei skal bli meir kjende med rolla si og leve seg meir inn i den. – Det er veldig masse å tenkje på, både replikkar, synging og kva ein skal gjere på scena til ei kvar tid, og dette er det som gjer meg mest nervøs.

Karakterbygginga har gått føre seg bak lukka dører på Volda vidaregåande skule. I denne delen av prosessen vil nemleg regissøren ha skodespelarane heilt for seg sjølv. – Før karakterbygginga hadde eg ingen nervar, eg var veldig spent på å bli kjend med karakteren min. Karakterbygginga var ikkje noko anna enn kjekt! Så eg hadde ingen grunn til å vere nervøs, seier ho letta.

Videoreportasje

Hovudrollene til Musikalen 2014 får hjelp av Bente-Elin til å bli kjent med karakterane sine. Laga av Mathea Myrene Stokke, Magnar Aunmo og Olav Standal Tangen.

Om musikalen

Musikalen er eit samarbeid mellom musikk, dans og drama & medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule.

Skildring

Det er med stor glede Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule endeleg kan presentere MOULIN ROUGE, som kjem attende i splitter ny utgåve – ti år etter at den først vart sett opp i 2004.

Handlinga i årets musikal

Årets musikalplakat
Årets musikalplakat

Året er 1899. Ein fattig, ung forfattar ved namn Christian kjem til Paris for å ta del i den bohemske revolusjonen. Men det er det bohemske undergrunnsmiljøet som lokkar, og då særleg nattklubben Moulin Rouge, sjølve høgborga for bohemsk råskap. På Moulin Rouge møtast både fattige og rike menn for å bli underhaldt av vakre kvinner gjennom dans, akrobatikk, sirkus og show. Showets stjerne og «diamant» er kurtisanen Satine, som sjarmerer både menn og kvinner med si utstråling og vakre stemmeprakt. Og som så mange andre menn blir Christian heilt bergtatt av Satine. Satine på si side blir svært fascinert av den unge forfattaren, men bak dei glamourøse kulissene på Moulin Rouge lurer ei mørk sannheit. Nattklubben er på konkursens rand, og eigaren Harriet Zidler ser ingen annan utveg enn å inngå ei avtale med sjølve storkaksen i Paris «Hertugen». Men for å redde Moulin Rouge har «Hertugen» eitt svært kontroversielt vilkår; han skal ha kurtisanen og showets stjerne, Satine som si kvinne. Dette er opptrappinga til eit trekantdrama i kulissene på Moulin Rouge, der Satine og Christian må kjempe mot alle odds for å kunne vere saman. Og ikkje nok med det, kanskje lurer det enda fleire mørke krefter i kulissene?

Framsyningar

Onsdag 12. februar kl 19:30
Torsdag 13. februar kl 18:00 & 21:00
Fredag 14. februar kl 18:00

Pris: 265 / 115

Kjøp billettar på orsta.kulturhus.no

Tidlegare musikalar

1997: «West Side Story»
1998: «Les Miserables» og «Miss Saigon»
1999: «Hair» og «The Phantom of the Opera»
2000: «Fame» og «The Beauty and the Beast»
2001: «Chess» og «Mamma Mia»
2002: «Kristina från Duvemåla» og «Heal the World»
2003: «Which Witch»
2004: «Moulin Rouge»
2005: «Grammatikk og kjærleik» (om livet til Ivar Aasen)
2006: «Broadway Story»
2007: «Ringaren»
2008: «The World of Oz»
2009: «Killer Queen»
2010: «Moon Walker»
2011: «Hello/Goodbye»
2012: «Fame»
2013: «Kingdom of Desire«