Forventningane er store

Skal du sjå musikalen 2014? Då er du ikkje åleine. Mange er nok veldig spente på korleis musikalen kjem til å bli, og pressegruppa frå medier og kommunikasjon har gått rundt på Volda Vidaregåande skule og spurt fem personar spørsmål om musikalen som snart skal ha premiere.

– Skal du sjå musikalen 2014?
– Kva forventningar har du til årets musikal?
– Har du sett tidligare musikalar?

Ståle Hansen (Mklærar)
– Ja, klart eg skal sjå musikalen.
– Eg veit jo kva som skjer sidan eg er medialærar og har vore med på musikalane før, men eg har store forventningar. Det er dyktige elevar og lærarar som er med i musikalen.
– Ja eg har sett tidligare musikalar. Eg har sett alle musikalane sidan eg blei lærar her i Volda, som var i 2005. Tilsaman har eg sett i alle fall meir enn 10 musikalar.

Foto: Guro Kvammen
Foto: Guro Kvammen

Heidi Holen (biblotekar på Volda vgs)
– Ja, eg skal sjå musikalen 2014.
– Eg trur det blir den beste musikalen som har vore.
– Eg har sett mange musikalar, og alle har vore bra. Imponert blir eg kvart år.

Foto: Guro Kvammen
Foto: Guro Kvammen

Lene Flataker (elev på Volda vgs)
– Ja, viss det er fleire billettar igjen, for eg har i alle fall veldig lyst å sjå den.
– I og med at eg har dansa i 12 år og har mykje danseerfaring bak meg, i tillegg til at det skal vere mykje dansing i musikalen så har eg store forventningar til akkurat det.
– Eg har sett fem musikalar tidligare og den siste var eg med på å lage sjølv.

Foto: Guro Kvammen
Foto: Guro Kvammen

Pål-Henrik Sætre (elev på Volda vgs)
– Eg veit ikkje om eg skal sjå musikalen i år.
– Forventningane mine er at musikk og medielinja har satt saman ei fantastisk forestilling som tidligare år.
– Eg såg ein musikal for tre til fire år sidan.

Foto: Guro Kvammen
Foto: Guro Kvammen

Maria Folkedal (elev på Volda vgs)
– Ja, eg skal sjå musikalen.
– Eg forventar at musikalen er betre enn tidligare, fordi det står i avisene at i år blir den kjempestor, og også at det blir ei opplevelse for meg.
– Ja eg har sett ein musikal før, og det var i fjor.

Foto: Guro Kvammen
Foto: Guro Kvammen

Øvingshelg i festsalen

Tre dagar før premiere på «Moulin Rouge» yra det av liv på Volda vgs. Seks timar øving, scene for scene. Det har ikkje vore ei roleg helg for musikk- og mediaelevane.

Klar for musikal: – Veldig nervøs, men eg gler meg

– Det eg gler meg mest til er kjensla av å skulle stå på scena tre dagar på rad for eit stort publikum, seier 16 år gamle Marlen Knotten frå Haddal. Ho og Tomas Håndlykken frå Ulsteinvik er to av om lag 100 elevar som skal på scena når Moulin Rouge blir presentert i midten av februar.

Dette er det nittande året med musikal, og elevane kan fortelje at dei gler seg stort til å delta.

– Eg gler meg mest til å oppleve heile prosessen, ettersom det har blitt sagt at det er veldig profesjonelt og skikkeleg gjennomført, fortel Tomas, som er med i musikalen for fyrste gong.

– Eg har også høyrt at det blir eit veldig bra samhald i musikalveka, seier han.

Musikalen er eit samarbeid mellom musikklina og medielina på Volda vidaregåande skule. Framsyninga handlar om miljøet rundt nattklubben Moulin Rouge i Paris, og er basert på filmen med same namn. 12. februar går teppet opp på Ørsta Kulturhus.

– Under musikalprosjektet er det viktig å påpeike at alle saman er like viktige, seier Marlen. Ho skal stå i kor på alle songane, bortsett frå eine songen der klassa hennar skal danse. – Det blir ikkje det same utan akkurat deg, fortel lærarane oss.

Tomas er snart 17 år, og i år skal han delta i koret, samt ha ein liten solodel på eine låta. – Eg har stått mykje på scena før og spelt veldig mange konsertar, så eg er ganske vant med det eigentleg.

16-åringen Marlen frå Haddal spelar trombone i korps og har trombone som hovudinstrument her på musikklina. – Musikklinna var garantert det rette valet for meg, fordi eg er veldig glad i å synge, spele og danse, seier ho.

Framfor ei så stor framsyning skulle ein kanskje trudd nervane stod i heilspenn?

– Nei det gjer dei ikkje, men eg veit nervane kjem til å kome sånn 10 minutt før første framsyning, fortel Tomas.

tomas-og-marlen

Tekst:
Lisa-Beth Haugen Rise og Evy Karoline Vatne.

Bilettekst:
Musikalrepresentantar frå Ulsteinvik. Foto: Guro Osborg Kvammen.

– Saman er vi dynamitt

Det seier Kjetil Eiksund som siktar til samarbeidet mellom dei to linene som står bak musikalen på Volda vidaregåande skule.

plakatvurdering-2
Kjetil Eiksund (ståande til høgre) diskuterer med dei designansvarlege korleis plakaten skal sjå ut. Foto: Lisa-Beth Haugen Rise.

(Artikkelen stod på trykk i Møre og Møre-Nytt 1. februar 2014)

I neste veke kan du sjå plakatane for musikalen henge rundt om i distriktet og Kjetil Eiksund som er prosjektansvarleg kan, med litt nervøsitet i stemma, fortelje at musikalen i år blir mykje større enn tidlegare.

I år er orkesteret mykje større enn tidlegare, og musikalen byr på mykje variert musikk med forskjellige sjangrar.

– Orkesteret er blanda med elevar frå fyrste-, andre- og tredjeklasse, og det har ikkje vore like vanleg andre år. Vi har også ei blåsegruppe som gjer at orkesteret krev meir øving enn tidlegare, seier Kjetil.

Det er knapt to veker att til premiere, og koret i musikalen manglar 2-3 sangar som dei ikkje har fått øvd på enda.

– Eg føler vi ligg lenger bak skjema enn vanleg, men dette er noko eg føler kvart år, fortel Kjetil samtidig som han dreg litt nervøst i genseren sin.

Han seier at det er like spanande kvart år, og at det blir øving til siste minutt.

– Det er ein intens periode, og solistane har øvd jamnt gjennom heile prosjektet, fortel Eiksund.

Medielina bidreg til musikalproduksjonen mellom anna med å lage digitale kulisser, programhefte og nettsider. Akkurat no er dei godt i gang med siste finpuss av plakaten, og allereide neste veke blir dei hengt opp rundt i distriktet.

– Plakaten formidlar historia i musikalen på subtilt vis, fortel Håvard Krøvel-Velle som er medielærar ved Volda vidaregåande skule. 

Kjetil er nøgd når det kjem til samarbeidet med medielina, og føler dei løfter opp produksjonen.

– Saman er vi dynamitt, avsluttar han med eit smil rundt munnen.

Jobbar på spreng for å få musikalen klar

Det er ikkje berre musikkelevar som står på fram mot premieren på «Moulin Rouge» neste onsdag. Over 20 medieelevar står også på dag og natt. Mange brikker skal på plass før sceneteppet kan gå opp på premieredagen. Her får du ein smakebit på kva dei jobbar med.

Snart på scenekanten

Søndag 2. februar, klokka har akkurat passert 13:45 og ein gjeng med unge skodespelarar har okkupert rom 4 på Volda vidaregåande skule. Det er berre ei og ei halv veke att til musikalen skal framførast. Lærarane Bente-Elin Johnsen og Jan Terje Eidset kjem inn: ”Vi tek det frå starten!”.

P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen.

Elevane skjønar ikkje heilt kva som skjer, men moro er det. Artikkelforfattar Aleksander Myrene frå medielina slepp heller ikkje unna (ytst til venstre i biletet). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).
Elevane skjønar ikkje heilt kva som skjer, men moro er det. Artikkelforfattar Aleksander Myrene frå medielina slepp heller ikkje unna (ytst til venstre i biletet). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).

Denne søndagen består av seks timar med dramaøving for dei med hovudroller i årets musikal. Hovudrollene vert spelt av elevar frå første-, andre- og tredjeklasse på musikklina til Volda vgs, nokre nye og nokre gamle. Lærarane sitt bakerst i rommet bak eit bord med manus, ein kaffikopp, ein termos og mobiltelefonane til elevane. Dei starta med den første akta og tok det derifrå. Om du har sett tidlegare øvingar ser du allereie store framsteg. Alt går mykje raskare, det er færre avbrytingar av typen ”kva skal eg seie no?”, folk veit kvar dei skal stå, og dei einaste spørsmåla som oppstår er forslag til forbetringer, kontra kva som skal gjerast i det heile. I tillegg er det no koregrafi til musikkinnslaga, som gjer songane mykje meir spanande!

Journalistikkarbeidet mitt blir brått avbrote av at Bente-Elin ber alle om å stille seg midt i rommet. Ingen skjønte heilt kvifor, men vi gjorde som ho sa.

”Jeg vil ha fire stykker som holder hender sammen i en firkant”, byrjar ho med. Ingen skjønte heilt kva ho meinte, så ho kom fram og viste. Etterkvart skjønte vi at det skulle vere som ”den gylne stol”. ”Okay, da vil jeg ha fire stykk rundt dere igjen, hold hendene på skuldrene deres på hjørnene, og stå så tett sammen som mulig! Så vil jeg ha resten rundt der igjen!”

Litt fram og tilbake, så fekk ho det som ho ville. Vidare ville ho at vi skulle ta to steg ut, eitt til sida, for så å sirkle rundt ”kjerna” utan å ta borti kvarandre. Vi skjønte ingenting. Til slutt ba ho oss om å springe rundt i rommet utan å vere bort i kvarandre. Vi sprang i sirklar omkring eitt minutt. Eg la merke til at ho filma alt med telefonen. Ho la den frå seg og sa: ”Okay, takk, nå kan jeg vise elevene mine forskjellen på vann, is og gass”.

Med det ute av verda fortsatte øvinga som vanleg.

I rute?
Det er matpause og det blir sett fram kake og bollar. Eg går bort til pianoet og pratar smått med Elias Odden Slettevoll, som sit og spelar piano under intervjuet.

– Dette er første gang vi går gjennom alle scenene på same dag. Før har vi hatt ei og ei scene per øving, så dette er ein veldig travel dag med stramme tidsrammer. Det er no i dag vi verkeleg får sjå om vi er klare, om vi ligg i rute til musikalen. Eg må seie at eg ser dei med hovudroller har øvd heime på eiga hand, og eg er ganske overbevist om at alle vil gjere det bra på musikalen.

Eg beveger meg ut i gangen og møter tre av dei kvinnelige rollene, Åse Malene Lauvsnes Oddekalv, Helenah Mpanza Lindalen og Pernille Kvalheim Egset.

– Det er mykje venting og vi er sikkert litt lei, men no ser vi korleis det blir samanhengande. Scenene tek meir form. Vi hadde ikkje heilt trua for nokre veker sidan, men no ser det bra ut. Stemninga er på topp, det er mykje latter, alle har samme mål, vi vil at det skal bli bra, seier Åse Malene.

Helenah ser tomt i lufta og tenkjer litt.

– Eg fekk høyre før at eg var for snill og søt, men ikkje no lenger. Eg har blitt så ”bitchy” som karakteren min skal vere. Eg går raskare inn i karakteren no enn før, sånn sett er det lettare.

Lidenskap

Det vert også litt tulling, fordi dei er artige folk, i følgje Jon Olav Sandal (til venstre, Sigrid Terøy Finnes). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).
Det vert også litt tulling, fordi dei er artige folk, i følgje Jon Olav Sandal (til venstre, Sigrid Terøy Finnes). Foto: Mathea Myrene Stokke (frå videomateriale).

I naborommet står matbordet. Der sit Jon Olav Sandal som spelar ”den yngre Christian”, med to pizzastykke i ei matboks.

– Dagens øving har vore effektiv og produktiv, som vanleg. Det er også litt tulling, for vi er veldig artige folk, veldig mange kule, eh, folk. Vi har spelt rollene våre ein del no, og vi har kome meir inn i det. Vi gjer ikkje dette til vanleg, så det tek litt tid før … inspirasjonen kjem. Du veit aldri kva du kjem til når du dreg på dramaøving, plutseleg er du eit molekyl.

Jon Olav hadde også ei hovudrolle på fjorårets musikal, eg spurte kvifor han tek på seg den utfordringa igjen.

– Eg ville ha rolle fordi eg synest det er veldig gøy, eg likar veldig godt å framføre ting og halde på med song, skodespel og liknande. Det er lidenskap, noko lidenskapleg, stort, spektakulært, og sensuelt med å stå på ei scene!

Videoreportasje

Framleis går dramaøvingane føre seg på eit klasserom, men om kort tid står elevane på ei opphøgd scene. Filma av Mathea Myrene Stokke. Redigert av Mathea Myrene Stokke.

Dette blir stort!

Judi Leonora Nygård Aahjem (17) og Tor Øystein Hoddevik (17) frå Vanylven gler seg mykje til premieredagen 12. februar. Saman med om lag 100 elevar er dei snart klare til årets musikal frå Volda vidaregåande skule, Moulin Rouge.

– Forventningane mine er kanskje litt for høge, men eg trur dette kjem til å bli så bra at eg held fast på forventingane. I fjor hadde vi ein kjempebra musikal, men i år trur eg det blir noko verkeleg stort, seier Judi Leonora.

Musikalen er ei stor hending for både elevar og lærarar på skulen, samt ei stor kulturell hending for lokalsamfunnet i Ørsta, Volda og resten av Søre Sunnmøre, ettersom skulen har elevar frå heile regionen.

– Eg kan vel eigentleg ikkje seie at eg har særleg med nervar. Eg trivst med å opptre så lenge eg kan det eg skal spele. Men musikalen er noko ganske stort, så eg reknar nesten med at nervane kjem etterkvart, seier Tor Øystein spent.

Judi Leonora skal syngje i koret og danse under årets musikal. Ho skal også vere med i eit ensemble, eller eit lite kor. Tor Øystein skal spele perkusjon og litt trekkspel i orkesteret.

– Dette er noko eg tar veldig seriøst, så eg føler eit ganske stort ansvar overfor musikalen. Musikken som orkesteret spelar må sitje heilt perfekt. Paukeslaga og alle markeringane må kome inn på rett tid, slår Tor Øystein fast.

tor-oystein

– Det ville ikkje blitt ein bra musikal om til dømes ingen av koristane lærte seg songane som skal framførast. Alle har eit stort ansvar, seier Judi Leonora.

Musikalen er eit samarbeid mellom Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Årets framsyning er basert på filmen Moulin Rouge og handlar om miljøet rundt den berømte nattklubben i Paris.

– Eg gler meg veldig til sjølve «musikalstemninga», møte opp tidleg på øvingar og berre sjå kor bra det heile blir, fortel Tor Øystein.

– Eg gler meg til å kjenne sommerfuglane i magen når sceneteppet går opp for fyrste gong og premieren er i gong, seier Judi Leonora.

Tekst: Ingrid Romestrand Aarseth og Hanne Elisabeth Lia. Foto: Guro Lindvik Velsvik.

Hektisk kvardag

Hei og hopp. I går var det nøyaktig ei veke til premiere, og vi kjenner stresset litt meir no enn forrige veke. Alle gruppene jobbar på spreng for å bli ferdig med sine oppgåver til den store premiera. Det er mange brikker som må på plass før sceneteppet går opp onsdag halv åtte.

Akuratt no har vi berre fem timar att av skuledagen. Denne torsdagen er den siste skuledagen vi har til å bruke på musikalprosjektet, så det blir mykje arbeid etter skuletid og i helga.

Bilde tatt 30.01.14 kl. 13.11

I første klasse var det musikalen vi gledde oss til å arbeide med, det var den som skulle vere den gøyaste og beste oppgåva. Det var det minnet vi skulle huske best får dei tre åra på medielina ved Volda vidaregåande skule. Og det var musikalen som kom til å knytte klassa saman. Vel, i løpet av dei tre vekene har klassa vore nøydd til å legge diskusjonar på hylla og samarbeida betre enn nokon gong. Sjølv om vi kanskje ikkje ser det no, så veit eg og sikkert alle andre at klassa er betre knytt no enn nokon gong. Kvar og enkelt er med på å gjere dette prosjektet til eit minne for livet.

Men sjølv om dette er eit fantastisk gøy prosjekt trur eg likevel at alle frå både medielina og musikklina gledar seg til vinterferien. Det gjer i vertfall eg. No må eg komme meg tilbake til arbeid, har ei long liste over punkt som skal vere ferdig til 15.00!!

-Karen-Elise 

Les fleire blogginnlegg frå både meg, Ingrid og Emil & Sølve i bloggarkivet.

Note for note, dag og natt

Det er utrulig masse som må på plass før orkesteret kan innta scena på Ørsta kulturhus. Dei øvar dag ut og dag inn for at at du skal få ei fantastisk oppleving. Dette er noko du ikkje må gå glipp av!