– Det er ei veldig stressande stemning akkurat no, kan Malin Vartdal (17) fortelje bak scena. Musikkelevane på kulturhuset førebur seg til ein photoshoot som ikkje er så lenge til.

Foto: Guro Velsvik Lindvik
Foto: Guro Velsvik Lindvik

Mange dører blir åpna og lukka, personar går fram og tilbake, og ein kan høyre snakking uansett kor ein går i rommet.
– Sjølv om det er stressande akkurat no, så er alle gode vennar og musikkelevane er meir samanspleisa no enn før, seier Malin som går 2.året på musikklina.

Ho stillar seg med speilet, rettar opp kostymet og stellar håret sitt.
– Kostymene vi har er veldig kule, og ikkje minst behagelige. Kostymet som eg har på meg er ganske lett og luftig.

Handlinga i filmen Moulin Rouge er veldig gamal, og sidan musikalen er basert på den så passar det ekstra godt med gamle kostymer.
– Ja vi har prøvd å fått til at kostymene ser gamaldagse ut, det er liksom sånn dei brukte før i tida, fortel ho.

Samtidig som ho står med speilet kjem ein klassekamerat forbi og dei byrjer å snakke saman.
– Under musikalen blir vi rett og slett betre kjent, avsluttar Malin med eit smil. 

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *