– Eg har hatt rolle i tidligare musikalar, men eg har ikkje vore så mykje på scena då som i år, seier Pernille Kvalheim Egseth. Ho spelar ein av bohemane i «Moulin Rouge».

18 år gamle Pernille går no tredje året på musikklina ved Volda Vidaregåande skule og dette blir hennar tredje musikal.
– Det som blir utfordringane i år er vel å vere på rett plass, til rett tid, seier ho.
Ho fortel også at det å kome fort nok på plass kan bli vanskeleg.

Rolla til Pernille kan beskrivast som ei gutejente, noko ho fortel at ho ikkje er.
– Mi rolle er ganske snill på innsida og sidan eg spelar ein av bohemane så er eg og veldig livlig. Eg er ikkje noko gutejente til vanleg, men eg må spele det i årets musikal.

Å leve seg inn i rolla si fortel Pernille er vanskeleg i byrjinga, men det blir lettare etterkvart som ein øvar.
– Eg har utvikla meg frå andre år, avsluttar ho.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *