Fire veker har gått og siste forstillinga er ferdig og det er vinterferie no. Det har vore slitsamt, kjekt, spennandes, utfordrande, nervar etc.  Det har vore ei veke med planlegging, to veker med teikning, knappe ei halv veke med planlegging av filming og resten av tida har det berre vore filming i hovudet mitt.

Til saman har eg og fleirkamera-gruppa filma ei gjennomkøyring, ei generalprøve og fem forstillingar. Det har vore nokre små forandringar i korleis vi vel å filme forskjellige scenar, men elles har det vore det same. Det høyres ut som det blir keisamt etter kvart, men faktisk har det vore ganske artig. Eg har jo kunne sett alle forstillingane frå ein veldig god sitteplass og det er heilt utroleg å tenkje på at førre måndag, to dagar før premiera, kunne eg ikkje sette i eit batteri på kameraet eingong, men no føler eg at eg har veldig god kontroll på kva knappar som gjer kva og korleis man setter kameraet fast i stativet og korleis ein løyser det att.  Det høyres ut som veldig basic stuff, men eg har eigentleg aldri hatt moglegheita til å setje meg inn i HD-kamerane. Dei kostar kjempe masse og eg er passe klumsete so eg har eigentleg aldri prøvd å få satt meg i det, men det er veldig kjekt å vite at eg faktisk kan bruke eit slikt kamera dersom eg skal trenge det.

Eg har prøvd å illustrere meg sjølv og kva eg tenkjer om musikal prosjektet.

Eg har óg fått ein del skadar frå dette prosjektet… Eg har mange små blåkular frå å ha gått på armlena på stolane i salen på kulturhuset. Då eg kom fram til at å klatre over stolane i staden for å gå rundt ville gå mykje raskare gikk det ikkje so bra som eg hadde forventa og fekk ein enda større blåkul. Det var ein dag eg gløymte å ete so eg var nær ved å svime av under photoshooten. Under applausen når alle kjem fram og bukkar var det ståande applaus på alle forstillingane (velfortent!) så måtte eg løyse kameraet frå stativet og holde det. Under siste forstillinga klarte eg å stikke kanten på Viewfinder-en inn i auga (Viewfinder er  den man brukar å sjå gjennom på kameraet når skjermen ikkje er oppe. ). Det gjorde vondt og eg er ganske sikker på bildet rista mykje idet det skjedde… men eg har verkeleg hatt det supert! Eg ville begynt på prosjektet om att om eg kunne gjort det.

Eg vil bruke litt plass her til å komplimentere Musikk-linja! De er heilt sjuke (meint på best mogleg måte). Fekk frysningar på fleire av songane og under Phantom of the Opera og finala fekk eg frysningar kvar gong eg såg det (sann ca 8-10 gongar), og koret på scena gir songane det lille ekstra!  Og eg elskar folk som verkeleg klarar å leve seg inn i rolla si! For å berre nemne nokre; Eirik, Elias og Pernille som Bohemane, Åse som Mme. Zidler, Trygve som Hertugen, Sigrid som Satine og lista berre fortsett! Eg hadde ikkje kunne filma ein so fantastisk musikal utan dykk.

Konklusjon: Veldig, veldig, veldig glad for at eg fekk vere ein del av Moulin Rouge!

 

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *