Statusoppdatering

IMG_9213Håvard Krøvel-Velle: «Vi har lagt lista høgare enda ein gong, og det blir veldig spennande å sjå korleis bakveggen blir i digitalekulisser. Det er like kjekt kvart år å møte dei kjekke karane frå lydkjelleren. Musikalen hadde ikkje vore det same utan dei.» IMG_9209Bjørnar Torvholm Sævik: «Gleder meg, har begynt å kjenne på presset no. Etter å ha vore med på øvingane i går blei forventningane større. Eg var spent på å høyre korleis orkesteret takla å spele TOTO-musikken, og eg blei veldig positivt overraska over kor samansveisa dei var. Eg har verkeleg trua på at dette blir bra!»
IMG_9254Mariann Rajhabi: «Eg gleder meg veldig mykje og det skal bli mykje betre i år enn det var i fjor. Eg skal danse og syngje, og sidan vi har jobba så mykje med dette, trur eg det skal bli bra. Dette blir fabelaktig!» IMG_1375redigertHildur Sandstad Dalen: «Eg trur det blir veldig, veldig bra! Alle har kome veldig langt, og det er overraskande fordi vi har ei veke mindre enn vi har hatt dei andre åra. Alle har forberedt seg godt, orkesteret er i rute, koret er i rute, solistar er i rute! Eg er også veldig spent på å sjå kor bakgrunnsfilmane løftar musikalen og gjer den kjempebra!»