Musikalen 2013 – dag 1 i Ørsta

No har dagen kome, og vi er endeleg i gong med musikalveka 2013! Skuledagen er flytta til Ørsta kulturhus og kinosalen har vorte forvandla til ei stor scene med lyskastarar overalt. Musikkelevar spring rundt i salen, nokre med kostymer. Lydvolumet er skrudd på maks, og ein kan ikkje lenger høyre eit snev av kva ein medelev seier. Både musikkelevane og medieelevane er klare for lange arbeidsdagar, og øvingar til kvar minste detalj sit perfekt.

To kjekke musikkelevar sit spente inne i salen og fyljer med på alt som skjer. Eg brukar teiknespråk for å få dei med ut i gangen, slik at det blir mogleg å forstå kvarandre.

_MG_8727-2

– Det er veldig kjekt, men også travelt nokre gongar. Det er mange øvingar samt finpussing på småting, som ein kanskje skulle tru var ubetydelege, fortel Johannes Fossheim Sætre (18) og Benjamin Bjørkedal (16).

I den store samanhengen er det veldig viktig at bevegelsar, replikkar og songar sit som støypt, då det er desse som skal forvandlast til musikalen Kingdom of Desire.

Kvar dag har eit stramt tidsskjema. Denne mandagen er det første gongen alt skal samlast på scena, og ein kan endeleg sjå ein samanheng. Både lyd og lys skal vere med for å få oversikt over kva som skjer til kva tid, medan elevane skal forstå den store samanhengen.

Eg tek turen inn i salen for å sjå ein liten smakebit, til og med eg har gleda meg som eit lite barn.

Elevane kjem inn døra ein etter ein, og set seg rundt omkring i salen. Dei pratar med ei glad og nysgjerrig stemme, medan dei finpussar på kostymer og replikkar. Bandet sit klar på scena og har allereie starta å spele. Forskjellig musikk av Toto sig inn i øyret medan blikket glir over salen der nokre av elevane fyljer rytma med kroppen.

Ein stim av elevar ruslar opp på scena og stilerl seg i startposisjon. Lyskastarane kjem på, og vi er klare for den første gjennomkøyringa av 1. akt av «Kingdom og Desire».

Musikklærarane sit på første rad og instruerer elevane: Ta med deg mikrofonen, flytt på stolen, tilbake – start på nytt! Her er framleis mange lause trådar som må samlast før alt sit som det skal.

_MG_8709-2 _MG_8713-2 _MG_8718-2 _MG_8729

Foto: Marius Bøstrand