Berre ei og ei halv veke er att før premieren på musikalen Fame den 15. februar. Musikklinja saman med medium og kommunikasjon jobbar no for fullt for å nå målet sitt om ei praktfull framsyning.

Med så dårleg tid er det ikkje berre skuletida som vert disponert. Elevane må i tillegg ta i bruk både friminutt og fritid for å komme i mål.

Svært utfordrande
Blant elevane som har hovudrollene er stemninga svært spent, seier Simon Eiksund (18) frå 3. klasse ved musikklinja. Han skal spele rolla som Bruno, ein av deltakarane i talentshowet musikalen handlar om.

 

Simon Eiksund har sett seg grundig inn i rolla som Fame-deltakaren Bruno.

– Vi har dei siste vekene brukt mykje tid på å sette oss inn i dei ulike rollene, noko som er mykje lettare sagt enn gjort. Ettersom rolla eg spelar er forelska måtte eg praktisk talt vere forelska sjølv, noko som utan tvil er svært utfordrande. Han set seg nærare pianoet og spelar nokre romantiske tonar medan han smiler lurt. Idag brukte han fritimen sin på å spele inn eit filmklipp i midttimen, og sjølv om det er kjekt å kjenne at ein jobber blir det kanskje litt tungt i lengda, seier Simon og smiler.

Mindre synlege
At musikklinja gjer ein strålande jobb under musikalen er det ingen tvil om. Mindre synlege er elevane frå medielinja, som brukar dagane på å legge til rette for det som skal skje på scena. Are Sætre (17) frå medialinja fryktar derimot ikkje at publikum gløymer dei.

 

Manusforfattar Jan Terje Eidset diskuterer filmsekvensar til framsyninga saman med medieelev Are Sander Olsson Sætre.

– Medielinja blir meir og meir synleg for kvart år som går, og i år kanskje meir ein nokon gong. Medielinja har alltid marknadsført musikalen, men tidlegare har ein ikkje sett så mykje av dei på scena. I år skjer det mykje i mediefagleg, også på scena. Eg kan ikkje røpe for mykje, men publikum har mykje spennande å vente seg, også frå oss, seier Are og smiler lurt.

Høge forventningar
Jan Terje Eidset (36) er medielærar og manusforfattar for musikalen. Han er tydeleg på at han har høge forventningar til elevane sine.
– Samarbeidet vi ser under eit prosjekt som dette får verkeleg håra til å reise seg. Musikalen bringer fram det absolutt beste i elevane, både dei som driv med musikk og dei som driv med media. Sjølv dei elevane som kanskje ikkje tek skulen like seriøst blir igjen etter skuletid og jobbar. Ettersom mange av musikkelevane ikkje alltid har like mange musikktimar kvar dag har dei eigentleg ikkje noko val, vi kan trass alt ikkje bruke dei vanlege teoritimane på eit musikalprosjekt. Vanlegvis ville dei protestert om vi spurte dei om dei ville ta seg ein tur innom på ein søndag, men no kjem dei av si eiga frie vilje. Jan Terje smiler stolt og ser utover klassa si. – Dei er verkeleg ein fantastisk gjeng!

Foto: Randi Nordnes og Christian Castberg

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *