Berre to veker er att før premiera på musikalen Fame 15.februar. Både elevar og lærarar ved musikklinja på Volda vidaregåande skule jobbar på spreng for å bli ferdige til den store dagen. Det er ikkje berre skuledagane som vert disponerte, her må dei også bruke fritid og helger for å komme i mål. Det er både første, andre og tredje trinnet på musikklinja som er med på å gjere musikalen til ein suksess.

Bekymra for å verte utslitt

Kjetil Hallaråker (17) frå Volda går i 2.klasse på musikk. Han har rolla som Ralph i musikalen, ei rolle som krev at han har mykje han skal gjennom med replikkar og øvingar.

– Det har vore kjempemykje musikaljobbing i det siste, og eg bekymrar meg for at eg skal bli utslitt. Viss eg er det vil eg ikkje kunne nyte musikalen skikkeleg. Men eg håper eg skal klare å halde ut, seier Kjetil med eit smil. Øvingane varer til langt på kveld og sjølv om han syns dette er kjempegøy så merkar han godt at han er sliten når han kjem heim på kvelden.

Rita Aakre (17) frå Ørsta går også i 2.klasse på musikk. Ho har inga «rolle», men sjølvsagt har ein haugevis med arbeid uansett. Rita skal vere med i koret, synge eit vers på ein song, danse, vere med i vokalensemble og spele trombone.
– Eg er kjempespent, det er vel forsåvidt alle. Spesielt førsteklassingane, sidan dei ikkje har vore med på det før. Det blir kjempekjekt. Vi merkar liksom ikkje at det sit så mange i salen når vi står på scena, og det går altfor fort!

– Vi er saman med folk vi ikkje kjenner, og folk vi ikkje snakkar med til vanleg. Det er heilt annleis enn om vi skulle vore i klasserommet heile dagen. Vi blir godt kjende med kvarandre og vi blir ein stor samanspleisa gjeng alle saman, seier Kjetil, medan Rita nikkar og er einig.

– Vi leikar ikkje musikal, seier Kjetil, medan han prøvar å vere alvorleg.

Parallelt med skulearbeid

Under musikalarbeidet har elevane fortsatt vanlege timar, så dei fleste øvingane må skje etter skuletid. Både elevar og lærarar må jobbe parallelt med skulearbeidet for å få det til. Det er mykje ein skal kunne til premiera, og dersom ein berre skulle brukt skuletida ville det ikkje vore nok tid.

– Alle må gi alt for at vi skal klare dette, men vi er eit utruleg flott team med elevar og lærarar som skal klare dette. Vi har rette folk på rett plass til rett tid, både med musikklinja og medielinja, meiner Kjetil Eiksund som er lærar ved musikklinja.

Eiksund seier at han gler seg til musikalen, men er spent på korleis det endelege resultatet vert.

– Spenninga stig og stig for kvar dag, vi kan nok alle føle at noko er på gong! Og det er ikkje før 2-3 dagar før premiera vi faktisk ser korleis resultatet blir, seier Kjetil. Elevane er med i dei ulike ledda som dans, drama, solistar, korøving og band som øver intest kvar for seg, kvar dag.
– Den største spenninga ligg i det at ingen veit korleis resultatet blir før den store dagen. Men vi har gjort dette i 15 år no, så vi håper og trur at resultatet blir like bra som dei andre åra.

Musikalen Fame skal framsynast på Ørsta Kulturhus onsdag 15. februar, torsdag 16.februar og fredag 17.februar, og vi oppfordrar alle til å kome å sjå på. Det er trass alt årets høgdepunkt!

Foto: Vilde Flem

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *