Over for denne gong

Etter fem veker med hardt arbeid er vi stolte over korleis «Fame-musikalen» har nådd ut til folk. Musikalen blei ein suksess med fantastiske framføringar og eit storslått publikum.

– Musikalprosjektet har vore utrulig gøy, men det er vemodig at det er over, seier prosjektleiar Renate Tunheim.

Musikalen i år var den 16. i rekkja. Musikkelevar frå tre årstrinn, elevane frå andreåret på media, lærarar, lydfolk og teknikarar var i full sving den siste veka. Med eit stort pågangsmot har vi oppnådd målet vårt, nemlig å lage tidenes musikal.

Stemninga har vore på topp kvar dag på kulturhuset i Ørsta med mykje gøyale opplevingar. Med fullsette salar på kvar forestilling har det vore litt av ei oppleving for både publikum og skodespelarane. Musikalen veks seg større og betre for kvart år, og det er med trist hjarte vi skriv at det er over for denne gong.

– Musikalen er ikkje heilt over frå vår side sidan vi har litt etterarbeid å gjere. Det er no i etterarbeidet vi får sjå tilbake på kva vi har gjort og korleis det har utvikla seg, seier Renate Tunheim.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *