Årets storhending, Musikalen, har starta, og årets tema er «Fame». Elevane på musikklina er talenta på scena, men det som skjer bak scena er noko meir omfattande enn det dei fleste trur.

Det er det 15. året med musikalen, og kvart år blir det berre betre og betre – også arbeidet bak i kulissene. Medielinja er, blant andre, blitt ein svært viktig brikke for å gjere musikalen synlig for alle utanfor skulen.

Forskjellige arbeidsroller

Med sine forskjellige arbeidsroller samarbeider 2. Klasse medium og kommunikasjon alltid like bra når det kjem til å vise fram musikalen. Dei er på ein måte ansiktet utad, og gjer så godt dei kan for at musikalen skal bli vellukka.

Julianne Lillebø (17) er ein av elevane som jobbar på FX/film gruppa, medan Christian Castberg (17) er gruppeleiar på ein av dei mest viktigaste gruppene som jobbar med musikalen, nemlig PR.

– Vi på FX har ansvar for å lage filmsnuttar knytt til handling, lage digitale kulisser og rett og slett presentere musikalen på ein digital måte. Vi skal også filme sjølve musikalen,og redigere denne saman til ein DVD med ekstramateriale, slik at også musikkelevane får sjå sin eigen innsats på scena, seier Julianne.

PR-gruppa produserar alt av logoar, web-sider, reklameplakater, programhefter og alt anna relatert til grafisk design og produksjon. For at vi i det heile tatt skal få råd til å køyre prosjektet, må vi samle inn mest mogleg sponsorpengar, slik at vi ikkje går i underskot. Ved å bruke nettsider, aviser og andre medium, marknadsfører vi musikalen. Utan PR hadde ingen visst om musikalen, og vi vil jo at flest mogleg folk utanfor skulen skal få lyst til å sjå musikalen, seier Christian.

Vidare har dei to grupper, dokfilm og foto, som står for å ha ekstra bonusmateriale på DVD-en av framsyninga. Dei har ansvar for å dokumentere det som skjer bak i kulissene, både medieelevane sine produksjonar og musikkelevane sine førebuingar. Her får ein innblikk i både det enorme arbeidet som vert nedlagt gjennom få og hektiske veker, men også interessante skildringar av kjensler, samarbeidsklima og utfordringar eit så stort prosjekt inneheld.

Har ikkje ord

Medielærar og manusforfattar Jan Terje Eidset har vanskar med å uttrykke kor stor årets musikal er.

– Det er vanskeleg å setje ord på musikalen 2012. Det er det mest utfordra og mest ambisiøse prosjektet eg har vore med på. Det er eit nytt konsept med krevjande koreografi både på scena og på film. Utan å avsløre så mykje frå sjølve handlinga, så må eg berre formidle at det kjem til å vere meir av digitale kulisser og film i årets konsept enn det har vore tidligare.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *