Andreas Remøyholm
Eg har ansvaret for alle lydeffekter til websida, flashanimasjonar og eventuelt filmar. Eg skal også vere med på å lage eiga musikalsending til Radiohaud.
Det eg synest er aller mest utfordrande er å lage ei bra og gjennomført radiosending. Ein kan snakke om mykje bra, men det er lydeffektene og slike ting som skapar stemning. Det er også utfordrande å lage alle jinglar og vignettar til radiosendinga på grunn av tidspress.
Det eg gler meg mest til er å sitje og sjå på framsyninga, og synkronisere lyden med fleirkameraproduksjonen.
Maris Mänd
Eg er medlem av visualisering-/Fx-gruppa, så eg er ein av dei som har ansvaret for å styre dei digitale kulissene.
Det er som er mest utfordrande er å vere ein del av den kreative prosessen, og vere med på å bestemme heilskapsinntrykket som publikum får av musikalen. Det er ganske vanskelig.
Det eg gler meg mest til er premieren, å kjenne på stemninga på premieredagen.
Linda Hageselle
Mitt ansvarsområde er å dokumentere via bilete, og ha photoshoot med musikkelevar til plaktat og slikt.
Det som er aller mest utfordrande er å fange augneblinken, og få gode bilete.
Eg gler meg til å ta bilete under framsyninga til musikalen, fordi det har eg ikkje gjort før.
Foto: Marte Hansen